Viktor Tsjernomyrdin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viktor Tsjernomyrdin
ЧЕРНОМЫРДИН Виктор Степанович.jpg
Fødd9. april 1938
Saraktashsky District
Død3. november 2010
Moskva
NasjonalitetRussland
PartiOur Home – Russia, Sovjetunionens kommunistiske parti
Yrkepolitikar, diplomat, samfunnsøkonom, forretningsdrivande
Utdanna vedSamara State Technical University
Moscow State Open University
MedlemSentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet
Europarådets parlamentarikerforsamling

Viktor Stepanovitsj Tsjernomyrdin (9. april 19383. november 2010) var ein russisk politikar frå landsbyen Tsjorny Otrog i Orenburg oblast. Han var statsminister i Russland frå 1992 til 1998.

Tsjernomyrdin var sentral då energiselskapet Gazprom vart danna i 1989, og han var den fyrste styreformannen i selskapet til 1992. I 1992 vart han utnemnd til statsminister i Russland av den russiske presidenten, Boris Jeltsin. Dei neste seks åra var Tsjernomyrdin den fyrste og, hittil, lengstvarige statsministeren i landet. Gjennom 1990-åra var han ein sentral aktør i russisk politikk, særleg som ein aktiv utøvar kva gjaldt omskipinga frå planøkonomi til marknadsøkonomi.

Frå 2001 til 2009 var han Russlands ambassadør i Ukraina. Han er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.

Ei utsegn Tsjernomyrdin kom med i 1993; «Vi meinte det beste, men det enda som alltid», har i russisk kultur vorte eit ståande uttrykk, ein slags aforisme. Utsegna skal elles visstnok opphavleg ha vorte forma av satirikaren Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]