Viktoria av Hessen-Darmstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktoria av Hessen-Darmstadt

Fødd5. april 1863
Windsor Castle
Død24. september 1950
London
Alle titlarprinsesse, Marchioness of Milford Haven
Hus eller slektHuset Hessen, Mountbatten
GravstadSt. Mildred's Church, Whippingham
LandTyskland
MorAlice av Hessen-Darmstadt
FarLudvig IV av Hessen-Darmstadt
EktefelleLouis Mountbatten, 1. marki av Milford Haven
BarnAlice av Battenberg, Louise Mountbatten, George Mountbatten, Louis Mountbatten

Viktoria av Hessen-Darmstadt, seinare Viktoria Mountbatten, markise av Milford Haven (Victoria Alberta Mathilde Marie; 5. april 186324. september 1950), var den eldste dottera av Ludvig IV av Hessen-Darmstadt (1837–1892) og den første kona hans prinsesse Alice av Storbritannia (1843–1878).

Mor til prinsesse Viktoria døydde medan søskena hennar enno var små barn, og ho inntok ein slags forelderrolle for dei. Ho gifta seg med fetteren til faren, prins Ludwig av Battenberg, seinare kjent som Louis Mountbatten, 1. marki av Milford Haven. Han var offiser i den britiske kongelege marinen (Royal Navy). Ekteskapet bar preg av gjensidig kjærleik. Dei budde mange ulike stader i Europa, der han til kvar tid var plassert i samband med tenesta si. Ho var ofte på besøk hos dei kongelege slektningane sine rundt om i Europa. Internt i familien vart Viktoria sett på som liberal, openhjarta, praktisk orientert og opplyst.

Under den fyrste verdskrigen og den russiske revolisjnen vart to av søstrene hennar, som hadde gifta seg inn i den russiske tsarfamilien, drepne av revolusjonære kommunistar. Ho og ektemannen hennar sa frå seg dei tyske titlane sine og tok til seg det britiskklingande etternamnet Mountbatten, som enkelt nok var ei omsetjing av det tyske «Battenberg» til engelsk.

Ho var mormor til prins Philip, hertug av Edinburgh, ektemannen til dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Viktoria med foreldra sine og den yngre søstera si, Ella.

Viktoria vart fødd første påskedag 1863 på Windsor Castle. Den 27. april same år vart ho boren til dåpen av mormor si, dronning Viktoria.[1] Fram til Viktoria var tre år gammal budde familien ved Bessungen i Tyskland. Etter dette drog familien til Neues Palais i Darmstadt, der Viktoria delte rom med den yngre systera si Ella. Medan Viktoria budde i Bessungen fekk ho privatundervising og vart interessert i litteratur.[2]

Under den prøyssiske invasjonen av Hessen i juni 1866 blei ho sendt av garde til England saman med systera Ella. Her fekk dei bu hjå mormora fram til striden opphøyrde.[3] Hessen-Kassel, og delar av Hessen-Darmstadt, vart innlemma i Preussen som følgje av invasjonen. Under Den fransk-prøyssiske krigen i 1870 blei det danna militære sjukestover på eigedomen til Neues Palais, og Viktoria hjelpte til i suppekjøkkenet saman med mora. Ved eit seinare høve fortalde ho om denne kalde vinteren, og om korleis ho ein gong hadde brunne seg på armen etter å ha fått glovarm suppe over seg.[4]

Den 18 månader gamle broren til Viktoria, «Frittie» fekk i 1872 diagnosen hemofili. Denne diagnosen kom som eit sjokk på dei europeiske kongefamiliane. Det hadde gått tjue år sidan dronning Viktoria fødde sonen prins Leopold, som fekk påvist hemofili. No lurte ein på om blødersykdommen kunne vera arveleg.[5] I mai 1873 fall «Frittie» ut av eit vindauge og døydde. Dette var den første av dei mange familietragediane som Viktoria fekk oppleva.

I 1878 fekk Viktoria påvist difteri. Ella blei flytt ut av rommet deira, og vart det einaste familiemedlemmet som unngjekk sjukdomen. Mora til Viktoria pleidde ho og dei andre sjuke i familien i fleire år. Syste til Viktoria, Marie, døydde i 1878. Akkurat i det sjukdomane byrja å gje slepp på familien, vart mor til Viktoria. Ho døydde den 14. desember, same dato som far hennar, prins Albert, hadde døydd 17 år tidlegare.[6] Sidan Viktoria var det eldste barnet i søskenflokken, tok ho på seg ei morsrolle for dei yngre syskena sine, og måtte vera til støtte for faren. Seinare skrev ho, «Døden til mor mi var eit tap som ikkje kunne reparerast ... Barndommen min enda med hennar død, for eg vart den eldste og mest ansvarsfulle.»[7]

Ekteskap og familie[endre | endre wikiteksten]

Ludwig av Battenberg og Viktoria.

Under ulike familieselskap hadde Viktoria ofte møtt fetteren til far sin, prins Ludwig av Battenberg, eit medlem av ei morganatisk linje av den hessiske herskarfamilien. Prins Ludwig hadde fått britisk statsborgarskap og tenestegjorde som offiser i Royal Navy. Vinteren 1882 møttest dei igjen ved Darmstadt, og dei forlova seg sommaren 1883.[8]

Etter ei kort utsetjing av bryllaupet som følgje av hertugen av Albanys død, gifta Viktoria seg med prins Ludwig den 30. april 1884 i Darmstadt.[9] Far hennar godtok ikkje at dei hadde funne kvarandre. Han meinte at prins Ludwig hadde for lite pengar og ville ta frå han selskapet til dottera, sidan paret kom til å bu i Storbritannia. Viktoria valde å oversjå misnøya til faren.[10] Same dag gifta far til Viktoria seg i løyndom med elskarinne si, Alexandrine de Kolmine, ei tidlegare kone av den russiske chargé d'affaires i Darmstadt. Ekteskapet hans med ei skild kvinne av folket sjokkerte dei kongelege rundt om i Europa, og etter press både frå familien og diplomatar, såg Viktorias far seg tvinga til å avlysa sitt eige ekteskap.[11]

Over dei fem neste åra, fekk Viktoria fire barn:

Namn Fødd Død Kommentar
Alice 25. februar 1885 5. desember 1969 Gifta seg i 1903 med Andreas av Hellas og Danmark; hadde etterkommarar. Mor til prins Philip.
Louise 13. juli 1889 2. mars 1965 Gifta seg i 1923 med kong Gustaf VI Adolf av Sverige (hans andre ekteskap); ei dødfødd dotter.
George 6. november 1892 8. april 1938 Gifta seg i 1916 med grevinne Nadejda Mikhailovna de Torby; hadde etterkommarar.
Louis 25. juni 1900 27. august 1979 Gifta seg i 1922 med Edwina Cynthia Annette Ashley; hadde etterkommarar.

Dei budde i mange ulike hus ved Chichester i Sussex, Walton-on-Thames og Schloss Heiligenberg i Jugenheim. Då prins Ludwig tenestegjorde på middelhavsflåten, heldt Viktoria til nokre vintrar på Malta. I 1887 fekk ho påvist tyfoid, men etter å ha vorte pleidd av sin ektemann var ho frisk nok til å kunna vera til stades ved dronning Viktoria sitt gulljubileum i London.[12] Viktoria var interessert i vitskap, og teikna eit detaljert geologisk kart over Malta. Ho deltok òg i arkeologiske utgravingar både der og i Tyskland. Ho skreiv fleire avhandlingar om bøker ho hadde lese. Bøkene omfatta eit breitt spekter av emne, blant anna sosialistisk teori.[13]

Ho underviste barna sine sjølv, og eksponerte dei ofte for nye ider og nyvinningar.[14] Ho underviste sonen sin Louis fram til han var ti år gammal. I 1968 kalla han ho «[...]eit vandrande leksikon. Gjennom heile livet lagra ho kunnskap om emne av alle slag, og ho hadde den store gåva at ho gjorde alt ho lærte meg interessant. Ho var fullt metodisk; vi hadde timeplanar i kvart fag, eg måtte førebu meg og så vidare. Ho lære meg å nyta det å arbeida hardt og det å vera grundig. Ho sa det ho meinte og var openhjertig på ein måte som var nokså uvanleg blant medlem av kongefamilien. Og ho var òg heilt fri for fordomar når det kom til politikk, hudfarger eller den slags ting.»[15]

I 1906 flaug ho med ein zeppeliner. Seinare flaug ho med eit biplan, sjølv om det ikkje «[...]var laga for å frakta passasjerar. Vi sat trygt fest på ein liten krakk medan vi heldt oss fast til flygarens rygg.» Fram til 1914 vitja Viktoria regelmessig slektningane sine, både i Tyskland og Russland, inkludert dei to systrene sine som hadde gifta seg inn i den russiske tsarfamilien.[16] Den eine systera var Ella, som hadde gifta seg med storfyrst Sergej Aleksandrovitsj, og den andre var Alix, som hadde gifta seg med tsar Nikolaj II av Russland. Viktoria var ein av dei som prøvde å få Alix bort frå Rasputin sin innverknad.[17] Ved utbrotet av krigen mellom Tyskland og Storbritannia i 1914 var Viktoria og dottera henanr, Louise, i Russland ved Jekaterinburg. Dei reiste med tog og dampskip til St. Petersburg og derfrå gjennom Torneå til Stockholm. Dei segla seinare frå Bergen med «det siste skipet» attende til Storbritannia.[18]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Viktoria måla av Philip de László før 1937.

Prins Ludwig vart tvinga til å seia frå seg stillinga i marinen ved starten av den første verdskrigen, då den tyske bakgrunnen hans var lite populær. Paret trekte til seg tilbake Kent House på Isle of Wight. Denne eigedomen hadde vorte gjeven til Viktoria av tanta hennar, prinsesse Louise, hertuginne av Argyll.[19] Viktoria gav styresmaktene skulda for oppseiinga av ektemannn frå marinen. Ho meinte at «...få hadde stor respekt eller tillit til styresmaktene».[20] Winston Churchill, som på den tida hadde den høgaste sivile stillinga i marinen, hadde ho ikkje stor tru på. Ho meinte han ikkje var til å stola på, sidan han ein gong hadde lånt ei bok på biblioteket og ikkje levert henne tilbake.[21]

Fyrste verdskrigen heldt fram, og fiendtlegheitane mellom Storbritannia og Tyskland auka. Som følgje av den antityske haldninga i Storbritannia, sa Georg V av Storbritannia frå seg dei tyske titlane sin, og kort tid etter dette, 14. juli 1917 sa prins Ludwig og Viktoria frå seg sine. Samstundes anglifiserte dei etternamnet Battenberg til Mountbatten.[22] Tre dagar seinare vart Ludwig gjort til adelsmann av kongen, som marki av Milford Haven. Under krigen vart dei to systrene til Viktoria, Alix, tsarina av Russland og Ella, storfyrstinne Sergej av Russland, drepne i eit attentat som skulle vera eit ledd i den russiske revolusjonen. I Tyskland vart bror hennar Ernst Ludvig, storhertug av Hessen, avsett. Under det siste besøk hennar til Russland i 1914 hadde Viktoria reist forbi same hus i Jekaterinburg som systera Alix vart myrda i.[23] Liket til Alix vart aldri funne i Viktorias levetid, men i januar 1921 etter ei lang ferd fekk Viktoria sjå liket etter Ella i Jerusalem.[24]

Seinare dette året døydde ektemannen til Viktoria i London. Etter å ha møtt henne i marine- og militærklubben i Piccadilly, klaga han over at han kjende seg uvel. Viktoria freista å få han til å kvila i eit rom dei hadde leigd i eit tilbygg til klubbhuset. Ho tilkalla ein doktor, som skreiv ut nokre medisinar som Viktoria gjekk ut for å få i eit apotek i nærleiken. Då ho kom tilbake var Ludwig død.[25] Som enke, tre år etter slutten av krigen, flytta Viktoria inn i ein residens i Kensington Palace. Ifølgje biografen henanr fekk Viktoria «ein samlande matriarkrolle for Europas gjenlevande kongelegheiter».[26] I 1930 leid den eldste dottera hennar Alice av eit nervesamanbrot og fekk diagnosen schizofren.[27] I det kommande tiåret fekk Viktoria ansvaret for utdanninga og oppsedinga av barnebarnet sitt Philip, etter at foreldra hans var vortne separerte og mora send på institusjon. Prins Philip sa ein gong, «eg likte bestemor mi veldig godt og ho var alltid hjelpsam. Ho var veldig flink med barn ... ho hadde ei praktisk tilnærming til deo. Ho handsama dei på den rette måten, den rette kombinasjonen av det rasjonelle og det kjenslemessige.»[28]

I 1937 døydde bror til Viktoria, Ernst Ludvig. Noko seinare døydde svigerinna, nevøen, eit barnebarn og to av oldebarna hennar i ein flystyrt ved Ostend. Barnebarnet til Viktoria, prinsesse Cecilie av Hellas og Danmark, hadde gifta seg med nevøen til Viktoria, Georg Donatus av Hessen som var son av Ernst Ludvig. Dei og dei to unge sønene deira, Ludvig og Alexander, døydde alle saman. Cecilie var gravid på dette tidspunktet, og det vart funne eit dødfødt barn i vraket. Det yngste barnet til Cecilie, Johanna, var ikkje med i flyet. Ho vart adoptert av onkelen, prins Ludvig av Hessen-Darmstadt, men den vesle jenta levde berre atten månader lengre enn foreldra og dei eldre brørne sine. Ho døydde i 1939 av hjernehinnebetennelse.

Fleire tragediar ramma Viktoria då sonen Georg døydde av kreft i 1938. Under andre verdskrigen vart residens hennar i Kensington Palace bomba, og ho flytta til Georg VI på Windsor Castle. Den overlevande sonen hennar, Louis, og to av barnebarna hennar tenestegjorde i Royal Navy, medan dei tyske slektningane hennar kjempa på sida til fienden. Viktoria bekymra seg mykje over barna og barnebarna sine etter kvart som åra gjekk. Dottera Alice vart verande i det okkuperte Hellas og hadde få høve til å kommunisera med mora i dei fire åra krigen var på sitt mest intense.[29] Etter at dei allierte sigra blei sonen hennar, Louis, tilboden embetet visekonge av India, men ho var imot at han skulle ta imot tilbodet. Ho tenkte at denne posisjonen ville medføra mykje fare.[30] Til trass for misnøya hennar valde han å tiltre stillinga.

Sommaren 1950 fekk Viktoria sjukdomen bronkitt, visstnok fordi ho hadde røykt sidan ho var seksten. Ho var då ved Ludwig sin heim ved Broadlands i Hampshire. «Det er betre å døy heime», sa ho, og flytta attende til Kensington Palace, der ho døydde 24. september 1950.[31] Ho vart gravlagd fire dagar seinare ved St. Mildred's Church i Whippingham på Isle of Wight.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Med hjelp frå baronesse Sophie Buxhoeveden klarte Viktoria å skriva memoara sine. Dei er i Mountbatten-arkivet ved University of Southampton. Dei kan vera ei interessant kjelde for historikarar med kongelege personlegdomar som fagfelt.[32] Eit utval av dronning Viktoria sine brev til barnebarnet Viktoria har vorte publisert med kommentarar av Richard Hough og ein introduksjon av Viktoria sitt barnebarn, Patricia Mountbatten.[33]

Son til Viktoria hugsa henne som ei god mor: «Mor mi var veldig lærenem, veldig pratsam, veldig aggressiv og argumentativ. Med sin fantastiske hjerne skjerpte ho vitet til folk».[34] Barnebarnet hennar seier at ho var «fryktinngytande, men aldri skremmande ... ei høgst ærleg kvinne, full av sunn fornuft og meldingseining.» Viktoria skrev si eiga gravskrift ved slutten til livet i eit brev og i samtale med sonen: «Det som vil hugsast når historia vert skriven er dei gode gjerningane gjort av individet og det har ikkje noko å gjera med rang eller tittel .[35].. Eg hadde aldri trudd at eg skulle kjennast berre som din mor. Du er så godt kjend nå og ingen veit om meg, og det vil eg heller ikkje at dei skal.»[36]

Titlar og tituleringer[endre | endre wikiteksten]

  • Hennar storhertugelege høgheit prinsesse Victoria av Hessen-Darmstadt (1863–1884)
  • Hennar storhertugelege høgheit prinsesse Ludwig av Battenberg (1884–1917)
  • Lady Mountbatten (14.–17. juli 1917)
  • Markisa av Milford Haven (1917–1921)
  • Enkemarkisa av Milford Haven (1921–1950)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hough 1984, s. 28
  2. Hough 1984, s. 30
  3. Hough 1984, s. 29
  4. Hough 1984, s. 34
  5. Hough 1984, s. 36
  6. Hough 1984, s. 46–8
  7. Hough 1984, s. 50, sitat på originalspråket: «My mother's death was an irreparable loss ... My childhood ended with her death, for I became the eldest and most responsible.»
  8. Hough 1984, s. 57
  9. Hough 1984, s. 114
  10. Ziegler 1985, s. 24
  11. Hough 1984, s. 117–22
  12. Hough 1984, s. 158–9
  13. Hough 1984, s. 213–4, 372 & 375
  14. Hough 1984, s. 177
  15. Terraine 1980, s. 6, sitat på originalspråket: «[…] a walking encyclopedia. All through her life she stored up knowledge on all sorts of subjects, and she had the great gift of being able to make it all interesting when she taught it to me. She was completely methodical; we had time-tables for each subject, and I had to do preparation, and so forth. She taught me to enjoy working hard, and to be thorough. She was outspoken and open-minded to a degree quite unusual in members of the Royal Family. And she was also entirely free from prejudice about politics or colour and things of that kind.»
  16. Viktoria sitert etter Hough 1984, s. 215
  17. Hough 1984, s. 264
  18. Hough 1984, s. 289
  19. Hough 1984, s. 274
  20. Vickers 2000, s. 113, sitat på originalspråket: «[W]ho few greatly respect or trust»
  21. Terraine 1980, s. 10
  22. Eilers 1987, s. 187
  23. Hough 1984, s. 288
  24. Kerr 1934, s. 261
  25. Hough 1984, s. 333
  26. Hough 1984, s. 338, sitat på originalspråket: «became a central matriarchal figure in the lives of Europe's surviving royalty»
  27. Vickers 2000, s. 200–5
  28. Sitat på originalspråket: «I liked my grandmother very much and she was always helpful. She was very good with children ... she took the practical approach to them. She treated them in the right way – the right combination of the rational and the emotional.» Prins Philip sitert etter Hough 1984, s. 354
  29. Hough 1984, s. 375 & 382
  30. Ziegler 1985, s. 359
  31. Ziegler 1985, s. 506
  32. Eit utdrag kan ein lesa her: Palace Personalities – 1914 Trip to Russia – Victoria Remembers – from Hessian Tapestry ved David Duff
  33. Hough (red.), 1975.
  34. Earl Mountbatten of Burma sitert etter Hough 1984, s. 339. Sitat på originalspråket: «My mother was very quick on the uptake, very talkative, very aggressive and argumentative. With her marvellous brain she sharpened people's wits»
  35. Lady Pamela Hicks sitert etter Hough 1984, s. 373. Sitat på originalspråket: «formidable, but never intimidating ... a supremely honest woman, full of commonsense and modesty.»
  36. Sitert etter Hough 1984, s. 387. Sitat på originalspråket: «What will live in history is the good work done by the individual & that has nothing to do with rank or title ... I never thought I would be known only as your mother. You're so well known now and no one knows about me, and I don't want them to.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eilers, Marlene A. (1987). Queen Victoria's Descendants (på engelsk). Genealogical Publishing Co. 
  • Kerr, Mark (1934). Prince Louis of Battenberg (på engelsk). Longmans, Green and Co. 
  • Hough, Richard (1984). Louis and Victoria: The Family History of the Mountbattens (på engelsk) (2 utg.). Weidenfeld and Nicolson. ISBN 0297784706. 
  • Massie, Robert K. (1995). The Romanovs: The Final Chapter (på engelsk). Ballantine Books. 
  • Sherman, Theresa (pseud. for Ilana D. Miller) (2008). The Royal Mob (på engelsk). PublishAmerica.  [Oppkonstruerte memoarer: prinsesse Viktoria av Hessen-Darmstadt forteller historien om sitt liv og om sine søstre og søskenbarn]
  • Terraine, John, med forord av Lord Mountbatten (1980). The Life and Times of Lord Mountbatten (på engelsk). Arrow Books Ltd. ISBN 0099226308. 
  • Vickers, Hugo (2000). Alice, Princess Andrew of Greece (på engelsk). Hamish Hamilton. ISBN 0241136865. 
  • Viktoria (1975). Hough, Richard, red. Advice to a grand-daughter: letters from Queen Victoria to Princess Victoria of Hesse (på engelsk). Heinemann. ISBN 0434348619. 
  • Ziegler, Philip (1985). Mountbatten (på engelsk). Collins. ISBN 0002165430. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Viktoria av Hessen-Darmstadt