Vikværsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vikværsk eller viksk er målføret eller dialekten som tradisjonelt blir snakka av folk frå dei ytre områda av Oslofjorden, det vil seie frå Østfold og Vestfold i tillegg til nedre delar av Buskerud, Akershus og Telemark (Grenland). «Vikamålet», det vil seie den tradisjonelle arbeidarklassedialekten i Oslo, blir ikkje rekna til denne gruppa, men til midtaustlandsk.

Særdrag[endre | endre wikiteksten]

Vokalar i trykkveik staving[endre | endre wikiteksten]

Mange særkjenne ved vikværsk kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg. Hovudregelen er slik:

  • Norrøn i og u har falle saman i e.
  • Norrøn a har blitt til e, æ og a:
    • e når norrøn a stod i slutten av eit ord.
    • æ føre ståande r
    • a – eller æ somme stader – når norrøn a hadde ein annan konsonant enn r etter seg.

Desse bøyingsmønstera illustrerer det som har skjedd:

  • Norrønt vísu – vísuna – vísur – vísurnar > vikværsk ²viːse – ²viːsa – ²viːser – ²viːsene 'vise'.
  • Norrønt gest – gestinn – gestir – gestirnir > vikværsk ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'.
  • Norrønt hest – hestinn – hestar – hestarnir > vikværsk ¹hest – ¹hesten – ²hestær – ²hestane 'hest'.
  • Norrønt kasta – kastar – kastaði – kastat > vikværsk ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'.

Jamvekt[endre | endre wikiteksten]

Når ein trykkveik a fylgde etter ei trykksterk «lett» staving (med ein kort vokal og ein kort konsonant), blei han ikkje redusert til e i slutten av ord, men blei verande a. Dette fenomenet blir kalla jamvekt i norsk målføregransking. Jamfør ordpara nedanfor, der «I-ord» har reduksjon til e, fordi fyrste stavinga er «tung» (ho har lang vokal og/eller lang eller dobbel konsonant), og «II-ord» ikkje har reduksjon, fordi fyrste stavinga er «lett». Dette er opphavet til kløyvd infinitiv:

  • I Ord med «tung» fyrstestaving i norrønt
    • Norrønt kasta 'kaste' (verb; infinitiv) > vikværsk 2kaste
    • Norrønt enda 'ende' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2ene
  • II Ord med «lett» fyrstestaving i norrønt; «jamvektsord»
    • Norrønt koma 'kome' (verb; infinitiv) > vikværsk 2koma
    • Norrønt posa 'pose' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2poːsa

I utkanten av det vikværske området verkar ikkje jamvektsregelen, og ein finn 2kome og 2poːse i staden for 2koma og 2poːsa. Dette «utkantområdet» omfattar Grenland, Larvik og søndre Østfold.

Jamvekta påverka også trykkveik norrøn u, som i jamvekstord tradisjonelt har blitt uttala u og ʉ i vikværsk, men slike former har halde seg mindre:

  • Norrønt hosa 'hose' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2huːsu
  • Norrønt svǫlu 'svale' (substantiv; akkusativ eintal) > vikværsk 2sʉːɽʉ

Andre uttaledrag[endre | endre wikiteksten]

  • Tjukk l er utbreidd over store delar av Austlandet generelt, men er også verd å nemne. Han har utvikla seg frå historisk l og . Dialekten i Kragerø manglar tjukk l, som tidlegare heller ikkje var i bruk i dialektane i Langesund og Brevik.
  • Uttale av t i utlyd (i bunden form eintal inkjekjønn) sør i Østfold som i mange svenske målføre: 1hʉːset 'huset'.
  • Historisk hv [hw] blei i eldre vestfold- og grenlandsmål uttala gv, og står igjen i faste uttrykk i dag: de 1jek soː de 1gvæin 'det gjekk så det kvein'.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

I vikværsk blir alle dei tre grammatiske kjønna brukte, som i alle andre norske målføre enn bergensk:

Ubestemt eintal Bestemt eintal Ubestemt fleirtal Bestemt fleirtal
Hankjønn eːn 1biːl 1biːlen 2biːlær 2biːlane/2biːlæne
Hokjønn /æi 1brʉː 1brʉːa/1brʉːæ 2brʉːer 2brʉːene
Inkjekjønn et 1hʉːs 1hʉːse/1hʉːset 1hʉːs/2hʉːser 1hʉːsa/2hʉːsene

Andre særdrag[endre | endre wikiteksten]

  • Eit anna karakteristisk fenomen er ordet ente (ikkje) som spesielt kan høyrast i Østfold, men også i forma inte i eldre vestfoldske dialektar. Dette kan vera eit døme på ein austleg språkpåverknad, da ordet for ikkjerikssvensk er inte.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]