Vilde Ingstad
Vilde Ingstad | |
![]() | |
Fødd | 18. desember 1994 (26 år) Oslo |
Yrke | handballspelar |
Vilde Mortensen Ingstad (fødd 18. desember 1994) er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann VM-gull i 2015 og vart europameister med Noreg i 2016. Perioden 2014-18 deltok ho i 68 landskampar og skåra 47 mål.
Ingstad byrja spele handball i Nordstrand IF, før ho i 2014 gjekk over til byrival Oppsal IF. I 2016 skreiv ho ein toårskontrakt med danske Esbjerg.
Den 11. oktober 2014 fekk Ingstad sin landslagsdebut mot Frankrike, men ho kom ikkje med i EM-troppen 2014. Derimot var ho med i meisterskaps-troppane både i Handball-VM 2015 i Danmark og Handball-EM 2016. I verdsmeisterskapen var ho berre med i dei innleiande kampane. Under europameisterskapen 2016 i Sverige fekk ho meir speletid, fekk likevel einast korte innbyte då Noreg triumferte over Nederland i finalen.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Handball-VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
- Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
- Handball-VM 2017: Sølvmedalje etter 21-23 mot Frankrike
- Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige