Vilhelm Hammershøi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelm Hammershøi

Statsborgarskap Danmark
Fødd 15. mai 1864
København
Død

13. februar 1916 (51 år)
København

Yrke kunstmålar
Sjanger portrettmåleri
Ektefelle Ida Ilsted
Vilhelm Hammershøi på Commons

Vilhelm Hammershøi (15. mai 186413. februar 1916) var ein dansk målar frå København. Han måla både portrett, bygningar, landskap og interiør. Særleg kjend vart han for sine, ofte fargefattige, interiørbilete.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fire rom, 1914
Interiør med læsende ung mand, 1898

Hammershøi var son til ein rik butikkeigar og vart undervist i teikning frå åtteårs-alderen, då han hadde vist eit stort kunstnarisk talent. Mellom 1879 og 1884 vart han utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København under Frederik Vermehren. Han studerte også under Frederik Rohde, Vilhelm Kyhn og P.S. Krøyer. Hammershøi fekk suksess tidleg, særleg internasjonalt vart han lagt merke til.

Stilen til Hammershøi skilde seg, midt i 1880-åra, lite frå kva andre yngre målarar nytta. Derimot var han i val psykologiske tema forut for si tid, og vart heller alltid forstått av det borgarlege publikum. Eit portrett av systera hans vart i 1885 avvist frå konkurransen om Neuhausens premie. Avvisinga leia etter kvart til at Den frie udstilling kom i stand frå 1891, Hammershøi var ein av stiftarane av denne.

Paletten hans bestod allereie då av ein harmonisk tonalitet av grå og duse fargar, frå mjuk svart til kvitt, noko han meistra som få andre. Interiøra hans frå 1880-åra viser at han også meistra det dramatiske spranget frå intenst mørke til fullt lys. Mange av måleria hans er frå København, og frå heimane hans i Strandgade 30 og seinare Strandgade 25. Figurane i bileta vert ofte sett bakfrå, eller i profil. Her sporar ein påverknad frå Johannes Vermeer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]