Vilhelm II av England
| Vilhelm II Rufus | |||
| | |||
| Konge av England | |||
| Periode | 1087–1100 | ||
|---|---|---|---|
| Fødd | 1060 | ||
| Fødestad | Normandie | ||
| Død | 2. august 1100 i New Forest | ||
| Dødsstad | New Forest Nationalpark | ||
| Mor | Matilda av Flandern | ||
| Far | Vilhelm I av England | ||
| Føregangar | Vilhelm Erobraren | ||
| Etterfølgjar | Henry Beauclerc | ||
Vilhelm II av England (ca. 1056–2. august 1100), også kalla William Rufus ('Raude-Vilhelm', fransk Guillaume Le Roux) var son av Vilhelm Erobreren og Matilda av Flandern og konge av England frå 1087 til han døydde i 1100.
Vilhelm var den tredje sonen til Vilhelm Erobraren og Matilda av Flandern, og blei vald ut som tronarving i England etter at Richard, ein eldre bror, døydde. Dei andre brørne hans var hertug Robert II av Normandie og den seinare Henrik I av England.
Vilhelm fekk makt over Normandie og hadde noko innflytelse over Skottland, men hadde mindre suksess med å erobra Wales. Hovudministeren hans var Ranulf Flambard, som han gav den viktige stillinga biskop av Durham i 1099.
Vilhelm II gifta seg aldri og fekk ingen barn. Han døydde av ei pil i brystet under ein jakttur i New Forest.
Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |