Vilhelm I av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelm I av England

Vilhelm Erobraren avbilda på Bayeuxteppet.
Føddca. 1028
FødestadFalaise
Død9. september 1087
DødsstadRouen
GravstadAbbey of Saint-Étienne, Caen
Gift medMatilda av Flandern
DynastiHouse of Normandy
FarRobert I av Normandie
MorHerleva
BornRobert Curthose, Richard av Normandie, Vilhelm II av England, Adeliza, Constance of Normandy, Adela av Normandie, Henrik I av England, Alberta, Agatha of Normandy, Matilda of Normandy, Cécile av Normandie

Vilhelm Erobraren (ca. 10279. september 1087), også kjend som Landvinnar og Bastarden, var ein normannisk fyrste som invaderte England i 1066 og innførte normannarstyret der. Som kong William I av England styrte han England frå 1066 til 1087.

Vilhelm var fødd i Falaise i Normandie i det noverande Frankrike som uekte son av hertug Robert I av Normandie og ei garvardotter som heitte Herleva eller Arlette. Vilhelm etterfylgde faren som hertug i 1035, og vart då hertug Vilhelm II av Normandie. Etter fransk lov hadde ikkje søner fødd utanom ekteskap arverett. Ved dette høvet var det nordisk lov som var gjeldande i Normandie, og då var slik arv mogleg.

Då den barnlause fetteren hans, Edvard vedkjennaren, døydde i januar 1066, gjorde Vilhelm krav på den engelske trona som arving. Den 14. oktober 1066 sigra han over den krona kongen av England, Harald Godwinson, i slaget ved Hastings, og vart den første normannarkongen av England.

Namn på ulike språk[endre | endre wikiteksten]

engelsk blei Wilhelm mellom anna kalla William of Normandy, William the Conqueror og William the Bastard. På fransk heitte han Guillaume le Bâtard, Guillaume II de Normandie, Guillaume le Conquérant eller Guillaume Ier, roi d'Angleterre.