Vilhelm Lyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelm Lyng

Vilhelm Lyng i Verdens Gang, 1884
Fødd24. mars 1827
Død19. mai 1884
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, filosof
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Georg Vilhelm Lyng (24. mars 182719. mai 1884) var ein norsk professor i filosofi, fødd i Suldal, som særleg var påverka av tankar frå Nikolai Frederik Severin Grundtvig, Søren Kierkegaard og Georg Wilhelm Friedrich Hegel. Lyng arbeidde med og underviste i filosofifaget ved Universitetet i Kristiania frå 1858 til han døydde.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lyng var son til ein sokneprest. Fram til 17-årsalderen vart han førebudd universitets-studiane av faren. Han vart student i 1845 og tok i desember 1851 filologisk embetseksamen med laud. Lyng studerte under Marcus Jacob Monrad og vart som denne ein tilhengar av filosofien til tyskaren Hegel. I 1853 fekk Lyng Kronprinsens gullmedalje for sitt svar på ei universitets-oppgåve om Forskjellen mellom Platons og Aristoteles's Psychologi. Frå 1852 til -55 var Lyng lærar og medstyrar av Heltbergs latinskule i Kristiania.

Lyng var frå 1858 universitetsstipendiat i filosofi, men budde og studerte i åra framover ofte lange periodar i København og Berlin. I 1867 vart han dr. philos. ved Universitetet i Kristiania gjennom avhandlinga Studier over Schellings Philosophi, der han la vekt på å vise samanhengen mellom det tidlege og det seine Schelling-ske system.

Frå februar 1869 var Lyng professor i filosofi og førelas sidan mykje om filosofihistorie, religionshistorie, naturfilosofi og antikk gresk filosofi, særleg over enkelte av Platons dialogar. I feriane reiste han ofte til Tyskland og Frankrike og fór frå universitet til universitet. Her lytta han til førelesningar og samtalte med professorar om filosofiske problem.

Påverknaden frå Grundtvig kjem tydeleg fram i dei religions-filosofiske verka Hedenskabets Levnetsløb frå 1866 og Grundtvigianismen og Skrifttheologien frå 1872. Lyngs hovudverk er likevel Grundtankernes System (1882-87), eit trebandsverk der han gav «ei noggrann utgreiing om den hegelske log[ikk]... verket var ein freistnad på å få liv att i den hegelske filos[ofi].»[1]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

A.O. Vinje, som ikkje hadde mykje til overs for tysk romantisk filosofi, var til stades på den fyrste prøveførelesinga til Lyng i september 1867. I ein artikkel i bladet Vort Land av 8. september 1867 skriv han at «Eg sat so anløgd (fristet til at læ) den heile Tid, at eg var rædd for at vekkja Forargelse i den store Salen full af Folk. Eg kan ikki for det, men naar eg høyrer dette tysk-philosophiske Tatermaal framsagt med Aalvor og full Tru paa det, so hever det sama komiske Magt over meg som det beste Skjemtedigt».[2]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957
  2. Vort Land, 8. september 1867.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]