Hopp til innhald

Vilhelmine Ullmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelmine Ullmann

StatsborgarskapNoreg
Fødd16. mars 1816
Oslo
Død

28. april 1915 (99 år)
Oslo

Yrkeskribent, litteraturkritikar, lærar
Språknorsk
Medlem avNorsk Kvinnesaksforening
MorConradine Dunker
Vilhelmine Ullmann på Commons

Kathrine Johanne Fredrikke Vilhelmine Ullmann (fødd Dunker, 16. mars 181628. april 1915) var ein norsk lærar, forfattar og kvinnesaksforkjempar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Ullmann var dotter til forfattaren Conradine Dunker, og kusine av Aasta Hansteen. Ho voks opp i Christiania, og budde der fram til ho 15 år gammal flytta med foreldra til Trondhjem i 1831. I boka Fra Tyveaarene og lidt mere fortalde ho om korleis familien hennar ivrig deltok i amatørteateroppsetjingar i Det Dramatiske Selskab i hovudstaden då ho var barn.[1]

Ho var gift 1839-54 med danskfødde Jürgen Nicolai Axel Ullmann (1813-1863). Dei fekk fem barn:

  1. Axel Conradin Ullmann (1840-1923), som blei lærar og entomolog.
  2. Ebba Ullmann (1843-1908), som blei gift med presten Fredrik Christian Dons (1836-1885) og mor til Henrik Dons (1866-1944), høgsterettsadvokat Vilhelm Dunker Dons (1868-1908), Ragna Vilhelmine Thiis (1870-1939), forfattaren Margrethe Kjær (1872-1956) og Kathrine Elisabeth Dons (1876-1947). Ragna Vilhelmine Thiis blei mor til blant anna kunsthistorikaren Ragna Stang.
  3. Ragna Nielsen (1845-1924), som var lærarinne og kvinnesaksforkjempar.
  4. Johan Christian Viggo Ullmann (21. desember 1848-10. august 1910), som blei ein kjend lærar og venstre-politikar. Han blei gift med Vilhelmine Eriksen (16. januar 1853-4. februar 1918) og far til Vilhelm Ullmann (1886-1972) og Ragnar Ullmann.
  5. Vilhelm Ullmann (1850-1868).

Etter skilsmissa i 1854 dreiv ho ein jenteskole, etterfølgd av ein periode som styrar av Vaterland Børneasyl frå 1862. Ho var medstiftar av Norsk Kvinnesaksforening i 1884.[2]

Ho skreiv under pseudonymet Minna Dunker i kvinnesaksbladet Nylænde, og gav ut memoara til mora i 1871. Hennar eigen biografi, Fra Tyveaarene og lidt mere, kom ut på Det Norske Aktieforlag i 1903.

Livet til Vilhelmine Ullmann er skildra i Astrid Lorenz si bok Forstandens lys og hjertets varme. Kvinnesilhuetter i slektsramme. Conradine Dunker og Vilhelmine Ullmann frå 1996.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]