Hopp til innhald

Vilkaviškis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilkaviškis
Land  Litauen
Fylke Marijampolė
Kommune Vilkaviškis distriktskommune
Areal 7,53 km²
Folketal 10 291 (1. januar 2023)[1]
Kart
Vilkaviškis
54°40′00″N 23°02′00″E / 54.666666666667°N 23.033333333333°E / 54.666666666667; 23.033333333333
Wikimedia Commons: Vilkaviškis

Vilkaviškis er ein by i Marijampolė fylke i Litauen. Han hadde 10 814 innbyggjarar i 2015.

Utsyn over Vilkaviškis i 1916.

Vilkaviškis fekk byrettar i 1660 av kong Jan II Kasimir av Polen, som også var storhertug av Litauen. Byen er dermed ein av dei eldste i landet.[2][3]

Ifølgje jødiske overleveringar busette dei første jødane seg i området på 1300-talet, og på 1800-talet utgjorde dei over 80 % av innbyggjarane. Den jødiske folkesetnaden blei jaga og plaga av russiske og tyske styrkar under første verdskrigen, og delen av jødar hadde gått ned til rundt 40 % eller rundt 3 600 personar då andre verdskrigen braut ut. Desse blei totalt utsletta etter at nazistiske troppar okkuperte Vilkaviškis 22. juni 1941.[4]

Folk frå Vilkaviškis og nærområda

[endre | endre wikiteksten]
  1. Resident population by city / town at the beginning of the year, State Data Agency of Lithuania, 16. januar 2023, Wikidata Q112626509, henta 12. februar 2023
  2. Joseph Rosin. Sarah and Mordechai Kopfstein (red.). «Vilkovishk (Vilkaviskis)». Arkivert frå originalen 2001-07-16.
  3. «About Vilkaviškis». Arkivert frå originalen august 21, 2006. Henta juni 9, 2011.
  4. «The Untold Stories. The Murder Sites of the Jews in the Occupied Territories of the Former USSR». yadvashem.org. Henta 2020-05-13.