Villa Grande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villa Grande

ArkitektChristian Morgenstierne
Kart
Villa Grande
59°53′56″N 10°40′42″E / 59.898957°N 10.678335°E / 59.898957; 10.678335

Villa Grande er ein eigedom og eit herskapshus på Bygdøy i Oslo. Bygginga av villaen byrja i 1917. Under andre verdskrig tok Vidkun Quisling staden i bruk som bustad under namnet Gimle. Villa Grande husar i dag Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Holocaustsenteret).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av huset byrja i 1917 etter teikningar av arkitektane Christian Morgenstierne og Arne Eide for Sam Eyde, grunnleggjaren av Norsk Hydro. Eyde selde prosjektet etter mindre enn eitt år. Det ufullførte huset skifta eige fleire gonger, og vart til slutt overteke av staten.

Frå venstre Vidkun Quisling, «førar» i Nasjonal Samling (NS), Rolf J. Fuglesang, NS' kulturminister, Halldis Neegaard Østbye og Maria Quisling på terrassen til «Gimle», Villa Grande som Quislings residens 1941–1945.
Foto: Riksarkivet, ukjent år

I 1941 vart det ferdigbygd, og innreidd som bustad for Maria og Vidkun Quisling, leiaren i Nasjonal Samling. I denne perioden vart villaen kalla «Gimle».

Quisling, som samla på antikvitetar, fylte heimen med verdifulle gjenstandar blant anna henta frå Slottet og arresterte jødar.[1]

Paret budde i «førar-residensen» fram til Quisling vart arrestert våren 1945.

Quislings førarbunkar[endre | endre wikiteksten]

Quislings bunkar ligg under Villa Grande og vart bygd under krigen for å verna politikaren mot bombeangrep og fungera som sjukestove. Bunkeren har inngang frå kjellaren i Villa Grande og ein «løynleg» nødutgang på baksiden av bygde ut mot hagen. Bunkeren stod ferdig i 1943, er 67 m², har ein 4 meter tjukk betongkappe over seg og 2,4 meter tjukke vegger av betong. I bunkeren var det blant anna installert moderne elektrisk anlegg, matforråd, kjøleanordninger og eige kontorrom med både komande frå og interne telefonlinjer.

Bunkeren vart stengt i mai 1945, og forfall fram til han vart pussa opp og opna for publikum i 2014.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Villa Grande teke i bruk til samfunnsgavnlige føremål, blant anna for å avnazifisera staden etter Quisling.

Då Maria Quisling var vorten kasta ut, overtok øvstkommanderande allierte militærstyresmakt i Noreg, general Andrew Thorne, saman med sin stab Villa Grande som hovudkvarter frå 22. mai og heldt til der inntil han 31. oktober drog attende til Storbritannia. Kong Haakon vart invitert på middag til Villa Grande allereie 16. juni same år, berre ni dagar etter at han vende attende til det frigjorde Oslo.

Bygdø sjukeheim, ei avdeling under Ullevål sjukehus flytta inn i 1948. I 1961 overtok utdanningssenteret til staten for helsepersonell under leiing av Karl Evang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Villa Grande er eit kulturminne og har nummer 90331 i Kulturminnebasen til riksantikvaren.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Radiointervju med

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]