Villa Strandheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Dahl på trappa heime i Villa Strandheim.
Foto: Richard Fleischhut

Villa Strandheim er ein villa i drakestil i Holmen i Balestrand i Sogn. Huset vart oppført som sommarbustad for kunstmålaren Hans Dahl i 1893, og ligg nede i strandkanten.

Dahl var ven av Keisar Vilhelm II av Tyskland, og keisaren var på vitjing på Strandheim 25. juli 1914 då han fekk meldinga om eit ultimatum i samband med det som kom til å verte fyrste verdskrig. Stolen han sat i då han fekk meldinga er sidan flytt til Kviknes hotel.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]