Villa d'Este
Villa d'Este | |
![]() | |
Frå hagen. Neptun-fontena i framgrunnen og vassorgelet i bakgrunnen | |
Arkitekt | Pirro Ligorio |
---|---|
Stil | Renessansearkitektur |
![]() Villa d'Este |

Villa d'Este er ein villa i Tivoli i nærleiken av Roma. Villaen og hagen er på UNESCO si liste over verdsarv.[1]
Kardinalen Ippolito II d'Este, sonen til Lucrezia Borgia og Alfonso I av Ferrara, kom til Tivoli den 9. september 1550 til Tivoli som guvernør for byen. Han var ikkje nøgd med den offisielle bustaden han blei tiboden i samband med stillinga, og valde difor for å byggja ein ny villa. Over dei neste 10 åra skaffa han arealet han trengde, og fekk bygd villaen med ein hage i skråninga nedanfor villaen. Utforminga er tradisjonelt tilskriven Pirro Ligorio, som dreiv arkeologiske utgravingar av den romerske Villa Adriana like i nærleiken.
Hagen[endre | endre wikiteksten]
Hagen er laga med terrassar i skråningen nedanfor villaen, og nyttar fallet til fontener. For å skaffa vatn blei det laga ein viadukt frå Monte Sant'Angelo, og dessutan ein tunnel frå elva Anio. Vatnet blir brukt i ei stort tal fontener, som har gjeve hagen særpreget sitt og gjort han kjend over heile verda.
Midt i hagen er det ein statue av Herkules. Herkules var ein av gudane som hadde verna Tivoli, og var ifølgje historikarar frå 1500-talet ein av forfedrane til familien Este.
Villaen[endre | endre wikiteksten]
Romma er rikt dekorerte. Viktige kunstnarar i sein romersk manierisme deltok. Det gjeld Livio Agresti, Federico Zuccari, Durante Alberti, Girolamo Muziano, Cesare Nebbia og Antonio Tempesta. Dette arbeidet var nesten ferdig då kardinalen døydde i 1572. Seinare bidrog òg Giovanni Lorenzo Bernini til utsmykkinga av hagen.
Villaen i kulturen[endre | endre wikiteksten]
Franz Liszt skreiv pianostykket Les Jeux d'Eaux à la Villa d'Este, som viser til den vakre hagen og fontenene til Villa d'Este.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Motivering av valet av Villa d'Este, Tivoli ved whc.unesco.org. Henta 2018-10-19.
- Denne artikkelen bygger på «Villa d'Este» frå Wikipedia på bokmål, og «Villa d'Este» frå Wikipedia på svensk den 15. mai 2019.