Villingen-Schwenningen
| Villingen-Schwenningen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Baden-Württemberg | ||
| Region | Freiburg | ||
| Landkreis | Schwarzwald-Baar | ||
| Høgd | 758 m | ||
| Areal | 165,5 km² | ||
| Folketal | 89 145 (31. desember 2023)[1] | ||
| Postnummer | 78048–78056 | ||
| Retningsnummer | 07721, 07720, 07425, 07705 | ||
| Bilnummer | VS | ||
![]() Villingen-Schwenningen 48°03′47″N 8°29′35″E / 48.063152°N 8.4929618°E | |||
| Wikimedia Commons: Villingen-Schwenningen | |||
Villingen-Schwenningen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Schwarzwald-Baar.
Villingen-Schwenningen ligg i austkanten av Schwarzwald ved elva Brigach, om lag 700 meter over havet. Kjelda til elva Neckar ligg i Schwenningen (Schwenninger Moos).
Historie
[endre | endre wikiteksten]I mellomalderen var Villingen ein austerriksk by. Under reformasjonen vart han verande katolsk. Villingen vart omleira av marsjal Tallard i 1704. Oberst Von Wilstorff forsvarte seg godt i dei utdaterte festningsverka og etter seks dagar måtte Tallar gje opp.

Schwenningen var ein landsby fram til 1800-talet. I 1858 vart den første klokkefabrikken oppretta her, og frå den tida har urmakeri og presisjonsmekanikk vore ein viktig industri.
Som ein del av reformene i Baden-Württemberg i 1972 vart Villingen og Schwenningen slått i saman, i lag med fleire andre omliggande landsbyar. Dei to halvdelane av byen heng derimot ikkje saman, og har mellom anna eit platå mellom seg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Villingen-Schwenningen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.
