Villsau frå Norskekysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Villsau frå Norskekysten er ei beskytta geografisk nemning for kjøt av sau av rasen gammalnorsk sau.

Nemninga kan brukast om ferskt og frose kjøt frå dyr som har beita i område med kystlynghei på norskekysten. Kjøtet skal ha djup raudleg farge og god marmorering. Slaktevekta skal ligge mellom 8 og 16 kg for lam og mellom 9 og 16 kg for vaksne dyr. Dyra skal ha beita i område med 30-70 % lyng og 30-70 % gras. Sauene kan ha fått inntil 20 % av den totale årlege fôrmengda som tilleggsfôr.

Statusen som beskytta geografisk nemning inneber at det ikkje er lov å selje sau under denne nemninga, utan at han er knytt til ordninga.

Villsau med lam på Bjåstad
Villsau med lam på Bjåstad

«Villsau», «gammalnorsk sau», «vikingsau» og «steinaldersau» er ulike nemningar for saurasen som tradisjonelt vart bruka på norskekysten frå vikingtida og fram til en begynte å importere andre sauerasar rundt år 1900. Den gamle sauerasen overlevde fram til vår tid på Austevoll i Hordaland. Den tradisjonelle driftsforma tufta på utegangardrift nyttiggjer klimaet og vegetasjonen som på store delar av norskekysten gjer det er mogleg å halde ved lag den gamle driftsforma og halde kulturlandskapet i beiteområdet ved lag. Sauen overvintrar no som før med lynghei som hovudføde, i tillegg til gras, einer, tang og tare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]