Villtulipan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villtulipan
Villtulipan
Villtulipan
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Liljeordenen Liliales
Familie: Liljefamilien Liliaceae
Underfamilie: Lilioideae
Slekt: Tulipanslekta Tulipa
Art: Villtulipan T. sylvestris
Vitskapleg namn
Tulipa sylvestris

Villtulipan (Tulipa sylvestris) er ei plante i tulipanslekta i liljefamilien.[1] Arten kjem frå Sør-Europa, Nord-Afrika og Kaukasia.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1971. Arten er bufast og i rask auke. Han er lokalt vanleg i kyststrøk frå Østfold til Rogaland og spreidd vidare langs kysten til Møre med eit par funnstader vidare nordover til Bodø.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Villtulipan». Artsdatabanken. Henta 30. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 186. 
  3. «Fremmedartslista 2023: villtulipan Tulipa sylvestris L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 14. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]