Villvinslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villvinslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vitales
Familie: Vinrankefamilien Vitaceae
Underfamilie: Vitoideae
Slekt: Villvinslekta Parthenocissus
Planch., 1887

Villvin (Parthenocissus) er ei planteslekt i vinrankefamilien. Ho inneheld rundt 13 artar som alle er villige klatre- eller slyngplantar. Det vitskaplege namnet kjem frå gresk parthenos, «jomfru» og kissos, «eføy».

Klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia) i haustfargar.
Detaljbilde av Parthenocissus quinquefolia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alle villvinartane er lauvfellende, forveda klatreplantar (lianar). Dei klatrar ved hjelp av slyngtrådar som har 4–12 greiner. Trådane har som regel hefteskiver. Blada er heile eller tre-, fem- eller sjukopla. Dei små, grøne blomane er tvikjønna og femtalige. Dei sit i ein forgreina klase. Frukta er eit blått bær med 1–4 frø. Blada har ein sterk, raud haustfarge.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Villvin er utbreidd i tempererte og tropiske delar av Asia og Nord-Amerika. I Asia finst det omtrent ti artar som er utbreidde frå Mandsjuria, Korea og Japan i nord sørover til Indonesia og vestover til India. Det finst tre artar frå austlege og sentrale Nord-Amerika; ein av disse finst også sørover til Mellom-Amerika og Karibia. I miocen og pliocen fanst slekta også i Europa saman med mange andre varmekrevjande planter som seinare forsvann frå verdsdelen.

Fleire artar av villvin er blitt innført til andre delar av verden og brukt som dekorative klatreplantar. I Noreg er det særleg 3 artar som er planta:

  • alminneleg villvin (Parthenocissus vitacea) – Slyngande (uten hefteskiver), med 3-5 greiner. Blada er 5-kopla utan skaft. Villvinen er ogfte brukt til å kle husveggar, verandaer o.l. Blada blir raude om hausten. – Det finst ca. 3 underartar (variantar).
  • klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia) – 5-12 greiner. Rankene hefter seg til flater med hefteskiver. Blada liknar på dei til vitacea, men er mindre, og med eit lite skaft. Fruktene er blå som mogne, men blir sjeldan mogne i Noreg. Blada blir klart raude om hausten. Planten blir brukt til å kle murveggar og fjellvegger, ettersom han fester seg direkte på underlaget. Det finst ca. 5 underartar (variantar).
  • rådhusvillvin (Parthenocissus tricuspidata) – Mangegreina. Har kraftige, trelappa blad og hefteskiver på rankene. Villvinen er mindre hardfør enn dei andre to artane, og blir av den grunn berre brukt i kystnære strøk. Han dekker husveggar og murveggar som et teppe. Det finst ca. 7 underarter (variantar).

Artar[endre | endre wikiteksten]

Frå Asia[endre | endre wikiteksten]

Frå Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.