Villy Haugen
Villy Haugen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. september 1944 (80 år) Leksvik kommune |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1964 – 1500 meter herrer |
Villy Haugen (fødd 27. september 1944) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Leksvik i dåverande Nord-Trøndelag. Han vann bronsemedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1964.
Haugen kom på delt andreplass på 500 m og delt tredjeplass på 1500 m ved Skeise-NM 1964 i Tønsberg. Han fekk dermed plass i den norske troppa til dei olympiske vinterleikane i Innsbruck. Her vart han nummer 8 på 500 m, før han to dagar seinare gjekk i mål til ein overraskande tredjeplass på 1500-meteren, berre slått av gullvinnaren Ants Antson og Kees Verkerk. Haugen var aktiv til 1967 og gjorde enkelte gode løp på spesialdistansane. Oppnådde mellom anna pall-plasseringar i noregsmeisterskapane i 1966 og 1967. I Skeise-NM 1966 enda han på 11. plassen. Han var medlem i Sportsklubben Falken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Villy Haugen» frå Wikipedia på tysk, den 1. januar 2025.