Vilma Bardauskienė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilma Bardauskienė
Statsborgarskap Sovjetunionen, Litauen
Fødd 15. juni 1953 (70 år)
Pakruojis
Idrett friidrett

Vilma Bardauskienė (fødd Vilhelmina Augustinavičiūtė15. juni 1953) er ein litauisk tidlegare lengdehoppar frå Pakruojis i Šiauliai fylke som representerte Sovjetunionen på friidrettsbana. Ho vart europameister i lengdehopp i 1978, same sesongen som ho forbetra verdsrekorden to gongar og vart den fyrste kvinna som hoppa over sju meter i lengdehopp..

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bardauskienė tok bronsemedaljen i sovjetmeisterskapen 1977 med eit hopp på 6,28 meter. Sommaren 1978 vart ho fyrst sovjetmeister med eit lengstehopp som målte 6,82 meter. Den 18. august 1978 smelte ho til med 7,07 meter i Chişinău, ny verdsrekord med åtte centimeter. Dermed vart ho også den fyrste kvinna som hoppa over sju meter.

Med sin ferske verdsrekord vart Bardauskienė favoritt til lengdegullet i europameisterskapen i Praha. Ho forsterka favorittstempelet då ho i lengdekvalifiseringa 29. august 1978 forbetra sin eigen verdsrekord med to centimeter til 7,09 meter. I finalen hoppa ho 6,88 meter og vann gullmedaljen framom austtyske Angela Voigt som stoppa på 6,79 m.

Under sovjetmeisterskapen 1979 enda Bardauskienė på femteplass med ordinære 6,29 meter. Verdsrekorden hennar stod til rumenske Anişoara Cuşmir i 1982 hoppa 7,15 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]