Vincenzo Catena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vincenzo Catena

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1470
Venezia
Død

september 1531 (61 år)
Venezia

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Vincenzo Catena på Commons

Vincenzo Catena (ca. 14701531) var ein italiensk målar, truleg fødd i Venezia, der han døydde.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Helgenen Jeronimus i studierommet'
'Maria møy med barnet og Johannes døyparen og Josef', 1523-27

Catena tidlegaste bilete syner slektskap med verk av Antonello da Messina, Cima da Conegliano og Benedetto Diana. Han utvikla etter kvart sin eigen stil gjennom samverknad med verk av Giovanni Bellini og framfor alt av Giorgione.

Catena må tidleg ha fått eit framifrå ry, ettersom han allereie i sine yngre år fekk bestillingar frå dogen Leonardo Loredan. Innom kort tid vart han ein rik mann med mange oppdrag. Ei oversikt frå 1520 fortel at talrike verk frå Catenas hand fanst i ei rad privatsamlingar i Venezia.

Ved sidan av madonna- og altarbilete var Catena framom alt ein ettertrakta portrettmålar. Desse verka gav han gode kontaktar både hos dei lærde og ikkje minst hos den venetianske adelen. Han døydde ein gong mellom 10.og 29. september 1531.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vincenzo Catena