Vindaugefrost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vindaugefrost

Vindaugefrost eller vindaugerim er eit tynt belegg av rim som vert danna på innsida av vindauge i kaldt vêr. Dette oppstår ved at vassdamp i lufta går direkte over til is, og opptrer oftast når vindauga er særs kalde. Det kan då oppstå vakre mønster, gjerne med bregneliknande former. Ved noko høgare temperatur vil vassdampen fortettast til vatn som så kan fryse til vindaugeis. Vindaugeis syner ikkje dei same forgreina mønstra som vindaugefrost.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«vindufrost» i Store norske leksikon, snl.no.