Gust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vindkast)
Vindstøyten (1707), måla av Willem van de Velde den yngre

Gust (frå engelsk) er ein markert, kortvarig auke i vindsnøggleik, òg kjend som vindkast eller vindstøyt.

Omgrepet vert ofte nytta i samband med flyging. Dei varer gjerne nokre få sekund og vert etterfølgd av ei minsking av vindsnøggleiken (engelsk lull). Ein får ofte gusts nær kupert terreng, som òg kan skape fallvind. Gust er òg typisk i ustabil luft, og ofte i samband med kraftige cumulonimbus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«gust» i Store norske leksikon, snl.no.