Vindkraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på vindkraftverk

Vindkraftverk er eit kraftverk som kan omforma dynamisk vindenergi til elektrisk energi. I praksis skjer dette ved at ein vindturbin driv ein elektrisk generator. Eit vindkraftverk vil ofte verta utgjort av fleire vindturbinar plassert i ein vindturbinpark. Eit av dei størte vindkraftverka i Noreg er Smøla vindpark.

Eksempel på offshore vindpark. Dette biletet er frå Middelgrunden vindpark rett utanfor København.

Vindturbinane er vanlegvis knytte til det nasjonale energinettet. Vindkraft og vasskraft er komplementære energiformer, ved at vasskrafta kan representere grunnlasta som vert auka og redusert alt etter kor mykje det bles. Det bles mest om vinteren og saman med eit godt utbygd nett og dei gode reguleringsmuligheitene i vassmagasina er den uregulerte vindkrafta godt eigna i det norske energisystemet.

Vindturbinar vert normalt plasserte på land, men fleire land, spesielt i Europa, installerer turbinar til havs der dei står på grunne farvatn. Horns Rev i Danmark er ein slik stad. Det finst planar om offshore vindkraftverk fleire stader langs kysten. Men havdjupna utanfor Norskekysten gjer at botnfast vindkraft ofte er uaktuelt. Statoil har laga ein fullskala flytande vindturbin kalla HyWind. HyWind har sidan 2009 operert og levert gode driftsresultat utanfor Karmøy. Sway er eit anna selskap som også har installert ein nedskalert flytande turbin utanfor Bergen.

Vindkraft framstår som ein av fleire alternative kjelder til elektrisitet produsert ved hjelp av fossile brennstoff. Noreg har eit monaleg utbyggingspotensial og blant Europa sine beste vindressursar. Vindkraft er i dag avhengig av økonomisk støtte for å vere økonomisk lønsam for eigar av verket. Støtta vert gitt ved at alle produsentar av ny fornybar elektrisk energi vert tildelt elsertifikat som forbrukar er pålagt å kjøpe.Det betyr at alle fornybare energiformer (sol, vind, bio, vatn og andre) som leverer elkraft får lik støtte. Dette gjer at dei billegaste og mest eigna fornybare energiformene blir bygde ut. Elsertifikatmarknaden har eksistert i Sverige sidan 2003 og Noreg blei ein del av systemet i 2012. Noreg og Sverige har eit felles mål om å bygge 26,4 TWh innan 2021. Landa finansierer halvparten kvar og begge land sine myndigheiter trur halvparten vil bli bygd i kvart land. Av dei 13,2 TWh vil truleg vindkraft og vasskraft, hovudsakleg småkraft, levere 6-7 TWh kvar innan 2021. Dette betyr i praksis rundt 1000 kommersielle vindturbinar på 2-3 MW.

På global basis var det ved utgangen av 2011 ein installert elektrisk effekt på 240 000 MW vindkraft.

Miljømessige fylgjer[endre | endre wikiteksten]

Eit viktig argument for å byggja vindkraftverk på land har vore at dei er miljøvenlege, men etter at dei kom i drift har dei vorte kritisert for å skada naturen, mellom anna har ørn kollidert med vengene til vindturbinane[1], og vindturbinparkane ruvar i terrenget.[2] I tillegg kjem det støy frå turbinane når dei er i drift, som kan påverke helsa til lokalbefolkning og dyrelivet.[3]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vil finne løsning på havørn-kollisjoner, Nordvestnytt, 19/5 2006
  2. Nytte/kostnadsanalyse – Smøla vindkraftverk Arkivert 2009-10-01 ved Wayback Machine., Norwea - Norsk vindkraftforening. (vitja 18/10-2009)
  3. -Helsa kan påvirkes av støy fra vindkraftverk, arkivert frå originalen 11. mai 2019, henta 11. mai 2019 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.