Vindmålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skålkrossanemometer
Supersonisk vindmålar nyttar lydbølgjer til å utrekne vindsnøggleiken

Vindmåler, anemograf eller anemometer er eit instrument til å måle vindsnøggleik. Vanlegvis utnyttar ein vindtrykket og sugeverknaden som kan registrerast ved rotasjonssnøggleiken til ein skålkross (skålkrossanemometer) eller ei slags vindmølle eller propell som vert halde orientert mot vinden.

Andre prinsipp består i måle trykket som vinden utøver gjennom små hol i ein lekam. Eit heitetrådsanemometer måler varmetapet i vinden til å måle snøggleiken, medan ein supersonisk vindmålar målar korleis lydbølgjene endrar seg i vind.

Moderne vindmålarar er elektronisk baserte, og sender gjerne digital informasjon til ei databrikke. Skålkrossa følgjer skiftingane i vinden slik at ein kan måle momentanvinden kvart sekund. Ut frå dette kan ein rekne ut dei middelverdiane over den tida ein ønskjer. Vindkast og middelvind vert utrekna automatisk via installerte program. Eldre vindmålarar er framleis i bruk og desse består ofte av større og treigare skålkross og overfører vindkast eller ofte òg berre middelvind gjennom måling av kor mange gonger skålkrossen har rotert har gått eit visst tidsrom.

Måling av vindretning skjer vanlegvis ved bruk av vindfløy, og moderne, lette vindfløyer med digital avlesing erstattar etter kvart dei gamle, utjamna fløyene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«vindmåler, anemometer» i Store norske leksikon, snl.no.