Vinrankeslekta
Utsjånad
(Omdirigert frå Vindrue)
| Vinrankeslekta | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Vinrankeordenen Vitales |
| Familie: | Vinrankefamilien Vitaceae |
| Underfamilie: | Vitoideae |
| Slekt: | Vinrankeslekta Vitis L., 1753 |

Vinrankeslekta eller vinslekta (Vitis) er ei slekt i vinrankefamilien. Ho omfattar mellom anna arten ekte vinranke (Vitus vinifera). Arten er ein gamal kulturvekst. Frukta av av vinranken er eitt av dei viktigaste landbruksprodukta til middelhavslanda, og er blitt brukt til å laga vin sidan antikken. Drueplanten likar seg best i jordsmon med mykje kalk og stein. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.
Nokre artar
[endre | endre wikiteksten]- vinrake eller Vitis vinifera, den europeiske vindrua.
- Vitis labrusca, nordamerikansk bord- og druesaft, av og til nytta til vin. Vert dyrka aust i USA.
- Vitis riparia, frå Nord-Amerika, vert dyrka i austlege delar av USA.
- Vitis rotundifolia, vert nytta til gelé og av og til vin. Vert dyrka i det sørlege USA og ved Mexicogolfen.
- Vitis aestivalis, sommarvin, sorten 'Norton' vert nytta til vin, vert dyrka i det austlege USA.
- Resedavinranke, Vitis vulpina, vert dyrka i det austlege USA
- Vitis californica er viktig for den kaliforniske vinindustrien fordi den er motstandsdyktig mot vinlus og toler klimaet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) vinrankeslekta hos Artsdatabanken
- (en) vinrankeslekta i Catalogue of Life
- (en) vinrankeslekta i Encyclopedia of Life
- (en) vinrankeslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) vinrankeslekta hos Dyntaxa
- (en) vinrankeslekta hos Fossilworks
- (en) vinrankeslekta hos ITIS
- (en) vinrankeslekta hos NCBI
- (en) vinrankeslekta hos Plants of the World Online
- (en) vinrankeslekta hos The International Plant Names Index
- (en) vinrankeslekta hos Tropicos