Vindstøytfront

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vindstøytfront på radar med radiell snøggleik og frontgrensa teikna inn.

Ein vindstøytfront (ofte kalla gust front etter det engelske uttryket) er ein vêrfrontmesoskala som skil avkjølt luft som har oppstått i torevêr (utstrøyming) frå lufta kring uvêret, på liknande vis som ein kaldfront. Passasjen er prega av eit vindskifte og vanlegvis eit fall i temperaturen og ein liten auke i lufttrykket. Slike utstrøymingar kan vare opp til 24 timar eller meir etter at torevêra som skaper dei oppløyser seg, og dei kan vandre hundrevis av kilometer frå der dei oppstod. Nye torevêr kan ofte utvikle seg langs vindstøytfronten, særleg om dei kryssar andre grenser (kaldfront, tørrlinje, ein annan vindstøytfront osv.). Ein kan ofte sjå vindstøytfrontane som smale linjer på eit vêrradarbilete eller elles som bogar av låge skyer på vêrsatellittbilete. Frå bakken kan stundom sjå vindstøytfrontane i samband med arcusskyer.[1]

Vindstøytfrontar skapar vindskjer i låge nivå og desse kan vere farlege for luftfartøy som tar av eller landar. Om eit torevêr kjem inn i eit område med vindstøytfront, så kan vindskjeret frå grensa føre til at det oppstår rotasjonen i botn av torevêrsskyene, som stundom kan medføre danning av tornadoar. Sterke versjonar av desse eigenskapane vert kalla fallvind og kan skapast i omgjevnader med vertikalt vindskjer og tørr luft i midtre høgdenivå. Mikroutbrot har mindre utstrekning og påverkar område på mindre enn 4 km i diameter, medan makroutbrot råkar større område. Våte mikroutbrot skjer i atmosfæren der den nedre delen av lufta er metta, medan tørre mikroutbrot skjer i tørrare luft frå torevêrsskyer som ligg høgare oppe i lufta. Når ein vindstøytfront flyttar seg inn i eit område som er meir stabilt i låge nivå, som eit område med kjøligare luft eller over område med kjøligare overflatetemperaturar til sjøs, kan det føre til at ein får danna ein undular bore.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Weather Service (1. november 2004). «Outflow Boundary». Henta 2. mars 2011. 
  2. Dr. Nolan Atkins (2009). «How to distinguish between tornado and microburst (straight-line) wind damage». Lyndon State College Meteorology. Henta 2. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vindstøytfront