Vindvern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vindvern er vern mot skadar og ulemper av vind. Det er kanskje det eldste og best utvikla tiltaket for å modifisere klimaet nær jordoverflata. Eit vindvern kan bestå av ei rekkje av tre eller buskar, hekkar eller andre planter, eller kunstige skjermar som tette veggar eller gjerde. Føremålet med eit vindvern er å avgrense effekten av vinden nær overflata for å verne avlingar, dyr, bygningar, vegar eller anna. Mest naudsynt er slik vindvern nær kysten eller i andre opne landskap som er utsett for kraftig vind.

Eit vindvern fører til at vinden bles raskare over sjølve vernet eller hindringa, og på lesida vert det så skapt turbulens, sjølv eit godt stykke frå vindvernet. Turbulensen fører til svakare vind ved overflata på lesida av vindvernet. Eit mål på kor godt eit vindvern er vert kalla leverknad.

Leverknad[endre | endre wikiteksten]

Leverknad er avhengig av avstanden til vindvernet og kor tett vindvernet er. Ein heilt tett vegg er ikkje alltid gunstig utandørs, fordi det kan skape særs sterk turbulens på lesida, som i seg sjølv kan vere skadeleg for til dømes planter, medan eit vindvern med høgare permeabilitet (opningar slik at vinden kan strøyme gjennom) framleis vil redusere vindstyrken, men samstundes gje mindre turbulens. I plantekulturar er derfor halvopne vindvern av tre eller buskar nytta som vindvern i staden for tette veggar.

Andre effektar[endre | endre wikiteksten]

Ein leskjerm vil ikkje berre påverke vinden, men òg andre faktorar like ved skjermen, som skuggeverknad på solstrålinga, varmestråling frå vernet vil påverke strålingsbalansen like ved skjermen, svakare vind vil føre til mindre evapotranspirasjon frå plantedekket og dagtemperaturen vil generelt verte høgare på lesida (bortsett frå i skuggen av skjermen). Om natta vil stråling frå vindvernet kunne hindre frost like ved skjermen, men elles auke faren for frost på grunn av mindre vind.

Om vindvernet er bygd parallelt med høgdekotene i terrenget kan det oppstå kaldluftsoppdemming på oppsida av vernet, som aukar frostfaren her, medan frostfaren på nedsida minkar.

Vindvern kan òg påverke den lokale nedbørsfordelinga, fordi det innanfor eit lite område vil falle mest nedbør der vinden er svakast. Særleg gjeld dette snø, og i ei lesone vil det ofte falle meir snø i opent lende, og særleg snøfokk vil legge snøen opp i le av ein vindskjerm, medan han lenger borte på lesida vert feid bort. Dette prinsippet dannar bakgrunnen for skigardar, og kan nyttast til å hindre at snøfonner legg seg på vegar og jernbanelinjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala. Alma Mater Forlag. s. 165-168. ISBN 82-419-0063-5.