Vingården

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vingården på Gjøvik.
Foto: Øyvind Holmstad

Vingården er ein bygning like ved Panparken i Gjøvik, Oppland. Eigedomen er reist i jugendstil. Vingården, som ligg i Trondhjemsvegen 2, blei oppført i perioden 1900–1912 og har fem etasjar pluss loft og kjellar. På andre sida av gata ligg Grand Hotel, og saman blir dei to husa ofte kalla «tårnhusa». Dei dannar inngangsporten til det nordlege sentrumet av mjøsbyen.