Vinkelhaken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinkelhaken
Vinkelhaken
Latinsk namn Norma
Forkorting Nor
Genitivsform Normae
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 16,05 h
Deklinasjon −52,01°
Areal 165 kvadratgrader
nr. 74 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne γ Nor (4,0. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +30° og −90°

Vinkelhaken (frå latin Norma som tyder normalen eller den rette vinkelen) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er lite og lyssvakt og ligg mellom Skorpionen og Kentauren.

Stjernebiletet Vinkelhaken slik det er for det nakne auga.

Vinkelhaken har ingen Alfa- eller Beta-stjerner. Desse er no offisielt ein del av Skorpionen - N Sco og H Sco. Den mest lyssterke stjerna i Vinkelhaken er γ² Normae og har berre storleiksorden 4,0.

Sidan stjernebiletet ligg i retninga til Mjølkevegen, har det mange djupromsobjekt, mellom anna NGC 6087, som er ein open stjernehop. Ein annan hop er NGC 6087, den mest lyssterke i biletet. Sp 1 er ei planetarisk tåke, som òg vert kalla Fin-ringtåka. Abell 3627 eller Normahopen, er ein galaksehop kring 200 millionar lysår frå jorda. Det er ein av dei mest massive galaksehopane ein kjenner til, meir enn ti gonger så massiv som ein normal galaksehop, og er derfor trudd å vere Den store tiltrekkjaren, eit massivt objekt som dreg Den lokale gruppa, Virgo superhop og Vasslangen-Kentauren superhop mot seg i ein snøggleik på 600-1000 kilometer i sekundet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilkins & Dunn 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinkelhaken

Koordinatar: Sky map 16h 03m 00s, −52° 00′ 36″