Vinkelslipar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinkelslipar

Ein vinkelslipar eller vinkelkuttar er eit motordrive verktøy som til dømes kan brukast til kapping, sliping, rubbing og rustfjerning av emne i ymse materiale.

Vinkelsliparar kan drivast av ein elektrisk motor, ein bensinmotor eller trykkluft. Motoren driv ein aksling der det er montert ei slipeskive som kan bytast når ho er slipt ned. Vinkelsliparar har typisk ein justerbar vernekant og eit sidehandtak slik at han kan haldast med begge hender. Det fins eit utal ulike skiver til ulike materiale og bruksområde, slik som kutteskiver, slipeskiver, stålbørstar og poleringsklutar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]