Vinson Massif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 78°31′31.74″S 85°37′1.73″W
Vinson Massif
fjell
Vinson-Massif.jpg
NASA-bilete av Vinson Massif frå verdsrommet
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjeder Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 4 892 moh [1][2]
 - Primærfaktor 4 892 m
 - koordinatar 78°31′31.74″S 85°37′1.73″W
Lengd 21 km
Lettast tilkomst snø og is
Oppdaga av US Navy
 - dato januar 1958
Førstestiging Nicholas Clinch med gruppe
 - dato 18. desember 1966
Administrert under Antarktistraktaten
Lister Seven Summits
Ultratopp
Verdas 8. høgaste skardhøgd
Kart over det meste av Sentinel Range i Ellsworth Mountains med Vinson Massif.
Kart over det meste av Sentinel Range i Ellsworth Mountains med Vinson Massif.
Vinson Massif is located in Antarktis
Vinson Massif (Antarktis)
Wikimedia Commons: Vinson Massif

Vinson Massif er det høgaste fjellet i Antarktis. Det ligg i Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som stig opp over Ronne isbrem nær foten av Den antarktiske halvøya. Fjellmassivet ligg kring 1200 km frå Sørpolen og er kring 21 km langt og 13 km breitt.[3] Med ei høgd på 4 892 meter over havet er Mount Vinson det høgaste punktet på massivet. Det vart namngjeve i 2006 etter Carl Vinson, som lenge hadde vore kongressmedlem for staten Georgia i USA.[4]

Vinson Massif vart oppdaga i 1958 og først klatra i 1966. Ein ekspeidsjonen i 2001 vart den første til å klatre opp austsida, og dei gjorde òg GPS-målingar av høgda til toppen.[5] Fram til febriar 2010 hadde 1400 klatrarar prøvd å nå toppen av Mount Vinson.[6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Massivet strekkjer seg mellom Goodge Col og Branscombbreen i nordvest, Nimitzbreen og Gildeabreen i sørvest og sør, Daterbreen og sidebreen Hinkleybreen i aust. Den søraustlege delen av fjellmassivet endar ved Hammer Col, som er knytt til Craddock Massif, der det høgaste punktet er Mount Rutford (4477 moh). Massivet består både av det høgaste sentrale Vinson Plateau med nokre få toppar med ei høgd opp mot over 4700 moh, og fleire sideryggar som stort sett går sørvestover eller nordaustover frå platået.

Den noverande høgda på 4 892 meter over havet er basert på ei GPS-måling av Omega Foundaition i 2004.

Klima og isbrear[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på Vinson er i stor grad dominert av høgtrykkssystemet over den polare iskalotten, som skapar stabile vêrtilhøve. Men som mange stader i Antarktis kan det oppstå kraftig vind og snøfall. Vinson får likevel lite snø gjennom året, men på grunn av kraftig vind kan snøfokk samle opp mot ein halvmeter snø ved hovudleiren. Om sommaren, frå november til januar, er det midnattsol. Sjølv om middeltemperaturen i løpet av desse månadane er kring -30 ºC, vil den vedvarande sola likevel kunne smelte snø på mørke lekamar.

I løpet av åra har det avgrensa snøfallet på Vinson Massiv gjort at snøen har vorte kompakt og omforma til is som har danna isbrear. Desse breane følgjer topografien og flyt ned dalane på fjellet.[7] Den øvre isbreen dekkjer Jacobsen Valley på nordsida av Vinson, og flyt anten til Branscombbreen i vest eller Crosswellbreen i aust. Crosswellbreen flyt fram til Rutfordstraumen via Ellenbreen.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein meinte lenge at det fanst eit høgt fjell, som fekk det provisoriske namnet Vinson, i denne delen av Vest-Antarktis, men det vart ikkje sett før januar 1958, då det vart oppdaga frå US Navy-flyet frå Byrd-stasjonen. Det vart kalla opp etter Carl Vinson, eit kongressmedlem frå Georgia i USA, som var ein ivrig støttespelar for forsking i Antarktis.[3] Dei første målingane av Vinson Massiv i 1959 indikerte at fjellet var 5 140 meter over havet.[3]

Første klatring[endre | endre wikiteksten]

Gavin Bate på veg opp Vinson Massif i 2000

I 1963 byrja to grupper frå American Alpine Club, ei leia av Charles Hollister og Samuel C. Silverstein, då i New York, og den andre leia av Peter Schoening frå Seattle, forsøk på å få National Science Foundation til å støtte ein klatreekspedisjonen til fjellet. Dei to gruppene slo seg saman våren 1966. Offisielt fekk ekspeidsjonen namnet American Antarctic Mountaineering Expedition 1966/67, sponsa av American Alpine Club og National Geographic Society med støtte i felten frå U.S. Navy og polaravdelinga til National Science Foundation. Ti vitskapsfolk og fjellklatrarar deltok på AAME 1966/67.

Ekspedisjonen fekk mykje pressedekning i månadane før dei reiste til Antarktis, hovudsakleg fordi det vart rapportert om at Woodrow Wilson Sayre planla å fly i eit Piper Apache-fly med Max Conrad, «flyet sin bestefar», i lag med fire kompanjongar fram til Sentinel Range og Vinson Massif. Sayre hadde rykte på seg for å delta på problematiske ekspedisjonar, etter at han nesten mista livet under eit forsøk på å klatre opp Mount Everest i 1962. Sidan han ikkje hadde løyve til å dra inn i Tibet, leverte Kina ein offisiell protest til USA. Planane om flyturen vart skrinlagde då Conrad fekk vanskar med flyet sitt.

I desember 1966 sette ekspedisjonen i gang frå ChristchurchNew Zealand til den amerikanske basen ved McMurdo Sound i Antarktis, og frå der vart dei flydd med ein C-130 Hercules til Sentinel Range. All medlemmane av ekspedisjonen nådde toppen av Vinson Massif. Den første gruppa på fire klatrarar nådde toppen den 18. desember 1966, fire til den 19. desember og dei tre siste den 20. desember.

Fleire fjell i Sentinel Range er kalla opp etter ekspedisjonsmedlemmane.[8]

Seinare klatringar[endre | endre wikiteksten]

Klatringa av Vinson er som regel utan tekniske vanskar, om ein ser bort frå vanskane med å kome seg til Antarktis. Sidan det er ein av Seven Summits har det fått mykje merksemd og er mykje vitja av fjellklatrarar verda over.[6] Fleire selskap tilbyr guida ekspeidsjonar til Vinson, for ein typisk kostnad på kring $30 000 per person, inkludert transport til Antarktis frå Chile.

Førsteklatring frå austsida[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste klatringane opp fjellet har gått føre seg på vestsida av massivet frå Branscombbreen. Den første stiginga frå austsida vart utført av åtte mann i januar 2001, sponsa av NOVA.[5]

NOVA kalla produksjonen «Mountain of Ice», og programmet gjekk på lufta på PBS første gong i februar 2003.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vinson Massif» Peakbagger.com. Henta 20. oktober 2012.
  2. "Antarctica - Ultra Prominences" peaklist.org. Henta 20. oktober 2012.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Vinson Massif». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 2. mars 2013. 
  4. «Mount Vinson». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 2. mars 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 NOVA. «Mountain of Ice». WGBH. Henta 2004-12-28. 
  6. 6,0 6,1 «Vinson FAQ». 7summits.com.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «7summits» er definert flere gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «7summits» er definert flere gonger med ulikt innhald
  7. 7,0 7,1 «Vinson Massif». US Geological Survey. 
  8. ExplorersWeb Inc. «Vinson Massif & The Sentinel Range: New map - new names». The Poles. Henta 2. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vinson Massif