Vinterbro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vinterbro er eit tettbygd område nord i Ås kommune i Akershus fylke. Ved Vinterbro kryssar hovudvegane Europaveg 6 og Europaveg 18 kvarandre i eit stort vegkryss, og gjev to alternative innkøyringar til Oslo frå sør. På Vinterbro ligg òg moroparken Tusenfryd og museums-sporvegen som Lokaltrafikkhistorisk forening har under oppbygging.