Vinterjunko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Vinterjunko

Status i verda: LC Livskraftig

Nominatforma av vinterjunko, hannfugl. Bilete frå Cap Tourmente National Wildlife Area, Quebec, CanadaFoto: Simon Pierre Barrette
Nominatforma av vinterjunko, hannfugl. Bilete frå Cap Tourmente National Wildlife Area, Quebec, Canada
Foto: Simon Pierre Barrette
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passerellidae
Slekt: Junco
Art: J. hyemalis
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Junco hyemalis

Vinterjunko (Junco hyemalis) er ein amerikansk sporv som lever i Nord-Amerika, hekkar i nord og trekker til sørlegaste delar av utbreiingsområdet vinterstid. Arten syner fargevariasjonar, varierande storleik og i varierande levevis blant populasjonane gjennom utbreiingsområdet. Ca. 14-15 underartar er aksepterte. Vinterjunko er ein av fem artar i slekta Junco.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne vinterjunkoar har generelt grått hovud, hals og bryst, grå eller brun rygg og venger og ein kvit buk, men viser ei forvirrande mengd variasjonar i fargedetalj. Dei kvite ytre halefjørene blinkar tydeleg i flukta og medan dei hoppar på bakken. Nebbet er vanlegvis bleikrosa.[1]

Hannane har ein tendens til å ha mørkare, meir iaugefallande markeringar enn hofuglane. Vinterjunko er 13 til 17,5 cm i kroppslengd og har eit vengespenn på 18 til 25 cm.[1] Kroppsmassen kan variera frå 14 til 25 gram,[2] Juvenilar har ofte bleike striper og kan til og med forvekslast med vespersporvar til dei får den ferdige fjørdrakta etter 2 til 3 månader.

Desse fuglane beitar på bakken. Om vinteren samlast dei ofte i flokkar som kan innehalde fleire underartar. Dei et både animalsk og vegetabilsk føde, hovudsakleg er dette insekt og frø.

Vinterjunkoar hekkar frå kysten av Beauforthavet i det ekstreme nordlege Canada og i mykje av Alaska, sørover gjennom Canada til mykje av vestlege og nordaustlege USA. Overvintringa skjer i sørlegaste Canada, mest heile USA og nordlege Mexico. Dei har fråvere frå sørlegaste Florida og sørvestlegaste Texas.

Hekkemiljøet er nåletreskog eller blanda skogsområde over heile Nord-Amerika. Under elles optimale tilhøve utnyttar dei òg andre hekkehabitat, dei kan treffast i hagar og urbane parkområde. Om vinteren er vinterjunkoar kjende i og rundt byar, og mange stader er dei vanlegaste fuglane på foringsplassar.[1]

Reiret ligg i ei koppforma nedsenking i bakken, godt skjult av vegetasjon eller anna dekke, sjølv om reir nokon gonger finst i nedre greiner av ein busk eller eit tre. Reiret har ein ytre diameter på ca. 10 cm og er fôra med fint gras og hår. Normalt har paret to kull i hekkesesongen, kvart på vanlegvis fire egg. Dei lettglansa egga er grå eller bleikblåkvite og tydeleg flekte med ulike nyansar av brunt, lilla eller grått. Flekkene er konsentrert ved den store enden av egget. Hoa rugar egga i 12 til 13 dagar. Ungane forlèt reiret etter 9 til 14 dagar etter klekking.[2]

Vinterjunko er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa, fleirtalet av desse fuglane kjem til Storbritannia.[2] Vinteren 2009 - 2010 heldt eit individ seg på ein foringsplass i Grimstad over ein periode på meir enn to månader.[3]

Populasjonen er estimert til ca. 260 millionar og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Cornell Lab of Ornithology (2002): Bird Guide – Dark-eyed junco. Henta 18. november 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 Rising, J. (2017) Dark-eyed Junco (Junco hyemalis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. november 2017
  3. Tor A. Olsen, Sjeldne fugler i Norge i 2009 og 2010, Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF)
  4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Junco hyemalis. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. november 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinterjunko