Vetternatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vinternatt)

Vetternatt, vinternatt eller calixtusdag er ein merkedag på primstaven som fell den 14. oktober. Dette er fyrste dagen på vintersida av primstaven, og markerte dermed byrjinga av vinterhalvåret. Namnet «calixtusdag» kjem frå helgenen pave Calixtus I, som hadde minnedag den 14. oktober. Dagen er merkt med ein vott, hanske, pavelue eller eit tre utan lauv.

Dagen var tradisjonell faredag for tenestefolk, som kunne ta ny teneste denne dagen og sommarmål 14. april. Han markerte òg byrjinga på å køyra hest med dombjøller.

Som vêrmerke synte vinternatt at ein kunne venta seg snø om ikkje altfor lenge. Slik vêret var vinternatt, kom vintervêret til å verta. I Verdal kalla ein dagen «vinterspåmannen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«vinternatt» i Store norske leksikon, snl.no.