Fiolar
(Omdirigert frå Viola)
Fiolar | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Malpighiales | |
Familie: | Violaceae | |
Slekt: | Viola | |
Vitskapleg namn | ||
Viola |
Fiol er den einaste slekta i fiolfamilien (Violaceae) som finst i Norden. Her er det 20 artar i slekta, alle små eller middelsstore urter med veik stengel, hjarte- eller nyreforma blad og nikkande 5-talsblomster med spore. Dei dannar ofte hybridar.
På verdsbasis finst det om lag 500 artar, fleire av dei buskar og tre. På den sørlege halvkula finst dei særleg i fjella i Afrika og Sør-Amerika.
Fiolar i Norden[endre | endre wikiteksten]
- Stemorsblom V. trícolor
- Åkerstemorsblom V. arvénsis
- Fjellfiol V. biflóra
- Marsfiol V. odoráta
- Kvitfiol V. alba (Ikkje i Noreg)
- Bakkefiol V. collína
- Lodnefiol V. hirta
- Krattfiol V. mirábilis
- Sumpfiol V. uliginósa (Ikkje i Noreg)
- Dalfiol V. selkírkii
- Myrfiol V. palústris
- Stor myrfiol V. epípsila
- Sandfiol V. rupéstris
- Skogfiol V. riviniána
- Lundfiol V. reichenbachiána (Ikkje i Noreg)
- Engfiol V. canína
- Lifiol V. montána
- Bleikfiol V. persicifólia
- Dvergfiol V. púmila (Ikkje i Noreg)
- Storfiol V. elátior (Ikkje i Noreg)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
- C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.
- Store norske leksikon. Oslo, 2006.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
