Viper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viper
Kvitkronevipe, Vanellus albiceps Foto: Derek Ramsey
Kvitkronevipe, Vanellus albiceps
Foto: Derek Ramsey
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Underfamilie: Vanellinae
Slekt: Viper Vanellus
Brisson, 1760

Viper er samnemninga for fuglar i den biologiske slekta Vanellus, og medlemmer av lofamilien, Charadriidae. Namnet vanellus er latinsk for 'lita vifte', det er diminutiv av 'vannus', vifte. Namnet refererer til lyden vengeslaga gjer i flukt.[1] I Europa refererer det norske fellesnamnet «vipe», og det samhørande engelsk fellesnamnet 'lapwing', ofte spesifikt til arten vipe, den einaste medlemmen i slekta som kan treffast over det meste av kontinentet.

Eit par artar av desse fuglane har ein karakteristisk fjørtopp på hovudet og mange flyg med langsame, uregelmessig vengeslag og læt eit skingrande, jamrande skrik. Ei vipe kan sjåast som ei stor lo.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Desse langbeinte vadarane har sterkt mønstra fjørdrakt. Jamvel om den mest kjende arten, vipe, Vanellus vanellus, har ein fjørtopp på hovudet, er det berre to andre vipeartar som har tilsvarande. Ein meir typisk dekorasjon er hudfolder i andletet i raudt eller gult. Kroppslengda er ca. 25 til 38 centimeter.

Berre fem av artane, inkludert arten vipe er verkeleg trekkfuglartar. Andesvipe trekker ned til lågare høgd om vinteren.

Smedvipe, sporevipe, elvevipe, bronsevipe, andesvipe og lovipe er raudauga artar med ein pigg som stikk ut frå vengeknoken.

Mange har små hudlappar slik som svarttoppvipe, flekkvipe, brillevipe og beltevipe. Andre har store hudlappar eller masker slik som kvitkronevipe, stripehovudvipe, hinduvipe, bronsevipe, andesvipe, javavipe og maskevipe.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Vanellus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Vipe, Vanellus vanellus, Northern Lapwing, LC, Linné, 1758
  • Langtåvipe, Vanellus crassirostris, Long-toed Lapwing, LC, Hartlaub, 1855
  • Smedvipe, Vanellus armatus, Blacksmith Lapwing, LC, Burchell, 1822
  • Sporevipe, Vanellus spinosus, Spur-winged Lapwing, LC, Linné, 1758
  • Elvevipe, Vanellus duvaucelii, River Lapwing, NT, Lesson, 1826
  • Hinduvipe, Vanellus malabaricus, Yellow-wattled Lapwing, LC, Boddaert, 1783
  • Svarttoppvipe, Vanellus tectus, Black-headed Lapwing, LC, Boddaert, 1783
  • Kvitkronevipe, Vanellus albiceps, White-headed Lapwing, LC, Gould, 1834
  • Sørgjevipe, Vanellus lugubris, Senegal Lapwing, LC, Lesson, 1826
  • Fjellsørgjevipe, Vanellus melanopterus, Black-winged Lapwing, LC, Cretzschmar, 1829
  • Kronvipe, Vanellus coronatus, Crowned Lapwing, LC, Boddaert, 1783
  • Stripehovudvipe, Vanellus senegallus, Wattled Lapwing, LC, Linné, 1766
  • Flekkvipe, Vanellus melanocephalus, Spot-breasted Lapwing, LC, Rüppell, 1845
  • Brunbrystvipe, Vanellus superciliosus, Brown-chested Lapwing, LC, Reichenow, 1886
  • Gråhovudvipe, Vanellus cinereus, Gray-headed Lapwing, LC, Blyth, 1842
  • Brillevipe, Vanellus indicus, Red-wattled Lapwing, LC, Boddaert, 1783
  • Javavipe, Vanellus macropterus, Sunda Lapwing, CR, Wagler, 1827
  • Beltevipe, Vanellus tricolor, Banded Lapwing, LC, Vieillot, 1818
  • Maskevipe, Vanellus miles, Masked Lapwing, LC, Boddaert, 1783
  • Steppevipe, Vanellus gregarius, Sociable Lapwing, CR, Pallas, 1771
  • Sumpvipe, Vanellus leucurus, White-tailed Lapwing, LC, Lichtenstein, 1823
  • Lovipe, Vanellus cayanus, Pied Lapwing, LC, Latham, 1790
  • Bronsevipe, Vanellus chilensis, Southern Lapwing, LC, Molina, 1782
  • Andesvipe, Vanellus resplendens, Andean Lapwing, LC, Tschudi, 1843

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Terres & NAS (1980): p.741
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Viper