Vippetangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′10.386″N 10°44′30.700″E / 59.90288500°N 10.74186111°E / 59.90288500; 10.74186111

Vippetangen fotografert frå Ekeberg.

Vippetangen er den heilt yste spissen, sørspissen, av Akersneset i Oslo, det neset mellom Pipervika og Bjørvika som mellom anna Akershus festning ligg på. Namnet skal ha opphav i eit vippefyr som stod her i gamal tid, det vil seie eit fyr som var laga som ei jarnkorg til å elda opp i, festa til ei mast som kunne vippast opp i lufta som ei vektstang, og ned att når det var naudsynt med påfyll av brenne.

Vippefyret på Skagen i Danmark.
Den eldste kornsiloen på Vippetangen, rive på 1970-talet. Fotografi frå 1920.
Vippetangen i 1908. Hovedøya i bakgrunnen.

Vippetangen vart frå byrjinga av 1900-talet ein part av hamna kring Akersneset, med kaiene Vippetangkaia og utstikkar I, II og III. Utbygginga av kaiene tok til i 1899. På austsida av Vippetangen er det ferjekai for bil- og passasjerferjer til Danmark på plassen der utstikkar I låg. denne utstikkaren vart bygd i 1922, rive i 1981, og i si tid terminal for «amerikabåtane» til reiarlaget Den Norske Amerikalinje i USA-ruta. På vestsida var det fiskehamn med fiskehall, og det er framleis fiskehall her. Sør på Vippetangen er det importhamn for korn. Tidlegare stod det to kornsiloar her som tok mot kornet som vart lossa, for seinare å verte frakta med korntrikkar på det ordinære trikkenettet gjennom byen til møllene på Nedre Foss og på Bjølsen på den austre breidda av Akerselva. Den eldste siloen frå 1903 vart rive på slutten av 1970-talet etter ein eksplosjon, men den yngste er framleis i bruk. Etter at mølla på Nedre Foss vart lagt ned, og korntrikken vart lagt ned i 1967, vert kornet frakta med spesialbil til mølla på Bjølsen.

På midten av 1800-talet var det steinhoggeri på Vippetangen for straffangar på Akershus landsfengsel, som hadde tilhald på Akershus festning. På steinhoggeriet vart det hogd steinsoklar til monumenta som skulle setjast opp i byen. Dei to steinfigurane av løver som er sett opp på Løvebakken framfor Stortinget, vart hogde her, og det same vart søylene og trappene til Trefoldighetskirken og til basarhallane på Youngstorget (Nytorget). Her låg òg det militære badehuset, studentbadehuset Sjølyst, det private herrebadet Hygea og det kommunale kvinnebadehuset Iduna. Alt dette vart med tida borte etter at kommunen kjøpte stranda kring neset i 1897 for å byggje kaier.

Kong Haakon 7 gjekk i land på Vippetangen då han kom til landet 25. november i 1905 som konge av Noreg. For å gje han ein verdig velkomst, var det bygd ein større paviljong attmed fiskehamna.

Av dei 771 jødane som vart tvangssende til Tyskland under andre verdskrigen, vart 736 sende med skipa «Donau» og «Gotenland» i 1942 og 1943 frå utstikkar I aust på Vippetangen, etter å ha vorte arresterte av det sivile norske politiet. Berre 32 overlevde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vippetangen