Vireofamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vireofamilien


Krattvireo Vireo bellii
Krattvireo Vireo bellii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Vireonidae

Vireoar er ein familie Vireonidae av små til mellomstore sporvefuglar, ordenen Passeriformes, opphavleg trudd å ha distribusjon avgrensa til «Den nye verda». Dei fleste artane i familien har ei fjørdrakt i avdempa eller grønleg farge, dei minste artane liknar parulaer bortsett frå at parulaer har kraftigare nebb. De varierer i storleik frå chocovireo, Vireo masteri, dvergvireo (Vireo nelsoni) og korthalevireo (Hylophilus decurtatus), alle på rundt 10 cm og 8 gram, til slektene Cyclarhis og Vireolanius med medlemmer på opptil 17 cm og 40 gram (Forshaw & Parkes 1991).

Føda åt denne familien er først og fremst insekt og andre leddyr, dessutan noko frukt. Dei tar byttedyr frå blad og greiner, og fangar insekt i lufta. Gråvireoen, Vireo vicinior, tar 5 prosent av byttedyra frå bakken (Salaman & Barlow 2003).

Utbreiing og territorialåtferd[endre | endre wikiteksten]

Det er i området frå nordlege Sør-Amerika til Sentral-Amerika ein finn størst mangfald av artar i Vireonidae. Tretten artar av ekte vireoar lever lengre nord, i USA og Canada. Av desse er alle trekkfuglar med unntak av eikevireo, Vireo huttoni. Medlemmer av familien flyr sjeldan lange distansar, om dei ikkje er på trekk (Salaman & Barlow 2003). Dei lever i skoghabitat, spesifikke artar føretrekkjer lauvkrona, underskogen eller mangrovesumpen (Forshaw & Parkes 1991).

Standfuglartane opptrer i par eller familiegrupper som hevdar territorium heile året. Unntak er eikevireo som sluttar seg til større fleirartsflokkar på søk etter føde. Dei fleste av migrantane forsvarar territoriet mot individ av same art om vinteren. Unntaka er artane raudaugevireo, Vireo olivaceus , gulsidevireo, Vireo flavoviridis, skjeggvireo, Vireo altilloquus, og yucatánvireo, Vireo magister, som flyttar seg rundt om vinteren i små omstreifande flokkar (Salaman & Barlow 2003).

Song og forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hannane av dei fleste artane er uthaldande songarar. Songen er vanlegvis ganske enkel, monotont hos nokre artar i Karibia. Mest utvikla og til størst hugnad for menneskeøyro er songen åt chocovireo og Cyclarhis (Salaman & Barlow 2003).

Reirkonstruksjonen for av mange tropiske artar er ukjent. Av dei som er kjent, finn ein koppforma reir som heng ut frå greiner. Hoa gjer storparten av ruginga, avløyst av hannen, unntatt raudaugevireo-komplekset(Salaman & Barlow 2003).

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare fire biologiske slekter av vireoar i familien Vireonidae, og dei kan vere relatert til artar i kråkefamilien og i varslarfamilien. Biokjemiske studiar har identifisert to andre slekter, Pteruthius og Erpornis, begge i «den gamle verda», tidlegare trudd å vere timalar, og er nyleg er tatt med i familien vireoar (Reddy & Cracraft 2007).

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Vireofamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Pteruthius

  • Svarthovudprakttimal, Pteruthius rufiventer, Black-headed Shrike-Babbler, Blyth, 1842, (LC)
  • Kvitbrynprakttimal, Pteruthius flaviscapis, Pied Shrike-Babbler, Temminck, 1836, (LC)
  • Himalayaprakttimal, Pteruthius ripleyi, Himalayan Shrike-Babbler, Biswas, 1960
  • Jungelprakttimal, Pteruthius aeralatus, Blyth's Shrike-Babbler, Blyth, 1855, (LC)
  • Annamprakttimal, Pteruthius annamensis, Dalat Shrike-Babbler, Robinson & Kloss, 1919
  • Grønprakttimal, Pteruthius xanthochlorus, Green Shrike-Babbler, Gray, JE & Gray, 1847, (LC)
  • Gulkinnprakttimal, Pteruthius melanotis, Black-eared Shrike-Babbler, Hodgson, 1847, (LC)
  • Trilleprakttimal, Pteruthius aenobarbus, Trilling Shrike-Babbler, Temminck, 1836, (LC)
  • Klikkeprakttimal, Pteruthius intermedius, Clicking Shrike-Babbler, Hume, 1877

Slekt Erpornis

  • Grøntopp, Erpornis zantholeuca, White-bellied Erpornis, Blyth, 1844, (LC)

Slekt Cyclarhis

  • Rustbrynvireo, Cyclarhis gujanensis, Rufous-browed Peppershrike, Gmelin, 1789, (LC)
  • Svartnebbvireo, Cyclarhis nigrirostris, Black-billed Peppershrike, Lafresnaye, 1842, (LC)

Slekt Hylophilus

  • Caatingavireo, Hylophilus amaurocephalus, Gray-eyed Greenlet, Nordmann, 1835, (LC)
  • Rustkronevireo, Hylophilus poicilotis, Rufous-crowned Greenlet, Temminck, 1822, (LC)
  • Olivenvireo, Hylophilus olivaceus, Olivaceous Greenlet, Tschudi, 1844, (NT)
  • Gråhovudvireo, Hylophilus pectoralis, Ashy-headed Greenlet, Sclater, 1866, (LC)
  • Buskvireo, Hylophilus flavipes, Scrub Greenlet, Lafresnaye, 1845, (LC)
  • Gråbrystvireo, Hylophilus semicinereus, Gray-chested Greenlet, Sclater, PL & Salvin, 1867, (LC)
  • Negrovireo, Hylophilus brunneiceps, Brown-headed Greenlet, Sclater, 1866, (LC)
  • Sitronbrystvireo, Hylophilus thoracicus, Lemon-chested Greenlet, Temminck, 1822, (LC)

Slekt Vireolanius

  • Kastanjebrystvireo, Vireolanius melitophrys, Chestnut-sided Shrike-Vireo, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Smaragdvireo, Vireolanius pulchellus, Green Shrike-Vireo, Sclater, PL & Salvin, 1859, (LC)
  • Beryllvireo, Vireolanius eximius, Yellow-browed Shrike-Vireo, Baird, SF, 1866, (LC)
  • Skiferkronevireo, Vireolanius leucotis, Slaty-capped Shrike-Vireo, Swainson, 1838, (LC)

Slekt Tunchiornis

  • Rustpannevireo, Tunchiornis ochraceiceps, Tawny-crowned Greenlet, Sclater, 1859, (LC)

Slekt Pachysylvia

  • Korthalevireo, Pachysylvia decurtata, Lesser Greenlet, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Amazonvireo, Pachysylvia hypoxantha, Dusky-capped Greenlet, Pelzeln, 1868, (LC)
  • Ferskenbrystvireo, Pachysylvia muscicapina, Buff-cheeked Greenlet, Sclater & Salvin, 1873, (LC)
  • Gullpannevireo, Pachysylvia aurantiifrons, Golden-fronted Greenlet, Lawrence, 1862, (LC)
  • Rustkappevireo, Pachysylvia semibrunnea, Rufous-naped Greenlet, Lafresnaye, 1845, (LC)

Slekt Vireo

  • Gulvireo, Vireo hypochryseus, Golden Vireo, Sclater, 1863, (LC)
  • Gulbukvireo, Vireo osburni, Blue Mountain Vireo, Sclater, 1861, (NT)
  • Skifervireo, Vireo brevipennis, Slaty Vireo, Sclater, 1858, (LC)
  • Svarthettevireo, Vireo atricapilla, Black-capped Vireo, Woodhouse, 1852, (VU)
  • Dvergvireo, Vireo nelsoni, Dwarf Vireo, Bond, 1934, (LC)
  • Kvitaugevireo, Vireo griseus, White-eyed Vireo, Boddaert, 1783, (LC)
  • Arawakvireo, Vireo crassirostris, Thick-billed Vireo, Bryant, H, 1859, (LC)
  • Mangrovevireo, Vireo pallens, Mangrove Vireo, Salvin, 1863, (LC)
  • Cozumelvireo, Vireo bairdi, Cozumel Vireo, Ridgway, 1885, (NT)
  • Sanandresvireo, Vireo caribaeus, San Andres Vireo, Bond & Meyer de Schauensee, 1942, (VU)
  • Jamaicavireo, Vireo modestus, Jamaican Vireo, Sclater, 1861, (LC)
  • Kubavireo, Vireo gundlachii, Cuban Vireo, Lembeye, 1850, (LC)
  • Kalkvireo, Vireo latimeri, Puerto Rican Vireo, Baird, SF, 1866, (LC)
  • Hispaniolavireo, Vireo nanus, Flat-billed Vireo, Lawrence, 1875, (LC)
  • Krattvireo, Vireo bellii, Bell's Vireo, Audubon, 1844, (NT)
  • Gråvireo, Vireo vicinior, Gray Vireo, Coues, 1866, (LC)
  • Eikevireo, Vireo huttoni, Hutton's Vireo, Cassin, 1851, (LC)
  • Gulbrystvireo, Vireo flavifrons, Yellow-throated Vireo, Vieillot, 1808, (LC)
  • Gulbandvireo, Vireo carmioli, Yellow-winged Vireo, Baird, SF, 1866, (LC)
  • Chocovireo, Vireo masteri, Choco Vireo, Salaman & Stiles, 1996, (EN)
  • Kaliforniavireo, Vireo cassinii, Cassin's Vireo, Xántus de Vésey, 1858, (LC)
  • Eremittvireo, Vireo solitarius, Blue-headed Vireo, Wilson, 1810, (LC)
  • Blyvireo, Vireo plumbeus, Plumbeous Vireo, Coues, 1866, (LC)
  • Tepuivireo, Vireo sclateri, Tepui Vireo, Salvin & Godman, 1883, (LC)
  • Kanadavireo, Vireo philadelphicus, Philadelphia Vireo, Cassin, 1851, (LC)
  • Songvireo, Vireo gilvus, Warbling Vireo, Vieillot, 1808, (LC)
  • Brunkronevireo, Vireo leucophrys, Brown-capped Vireo, Lafresnaye, 1844, (LC)
  • Raudaugevireo, Vireo olivaceus, Red-eyed Vireo, Linné, 1766, (LC)
  • Brunaugevireo, Vireo chivi, Chivi Vireo
  • Noronhavireo, Vireo gracilirostris, Noronha Vireo, Sharpe, 1890, (NT)
  • Gulsidevireo, Vireo flavoviridis, Yellow-green Vireo, Cassin, 1851, (LC)
  • Skjeggvireo, Vireo altiloquus, Black-whiskered Vireo, Vieillot, 1808, (LC)
  • Yucatánvireo, Vireo magister, Yucatan Vireo, Baird, SF, 1871, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vireo frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Barker, F. Keith; Cibois, Alice; Schikler, Peter A.; Feinstein, **Julie & Cracraft, Joel (2004): Phylogeny and diversification of the largest avian radiation. Proceedings of the National Academy of Sciences 101(30): 11040-11045. PDF fulltext Supporting information
  • Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) Pp. 70–291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
  • Forshaw, Joseph & Parkes, Kenneth C. 1991. Encyclopaedia of Animals: Birds, p. 209. Merehurst Press, London. ISBN 1-85391-186-0
  • Johnson, N. K., Zink, R. M., & Marten, J. A. 1988. Genetic evidence for relationships in the avian family Vireonidae. Condor, 90: 428-446.
  • Reddy, Sushma & Cracraft, Joel (2007): Old World Shrike-babblers (Pteruthius) belong with New World Vireos (Vireonidae). Molecular Phylogenetics and Evolution, 44 (3): 1352–1357.
  • Ridgely, R. S., & Tudor, G. 1989. The Birds of South America, vol. 1. Univ. Texas Press, Austin.
  • Salaman, Paul & Barlow, Jon C. 2003. Vireos. Pp. 478–479 in; Perrins, C. ed. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, Oxford. ISBN 1-55297-777-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]