Virginia Plain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Virginia Plain
Singel av Roxy Music
B-side «The Numberer»
Utgjeve August 1972
Innspelt 10. til 12. juli 1972 i Command Studios, London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 2:58
Selskap E.G. WIP6144
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Peter Sinfield
Roxy Music-kronologi
Virginia Plain «Pyjamarama»
(1973)


«Virginia Plain» er ein song av det britiske glamrockbandet Roxy Music, gjeven ut som debutsingelen deira i august 1972. Han er skriven av frontmannen Bryan Ferry og spelt inn av bandet hans i juli 1972 i Command Studios i London. B-sida var «The Numberer», ein instrumental av Andy Mackay. Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia.

Songen var ikkje med på den originale britiske LPen av debutalbumet Roxy Music, og hadde ikkje ein gong vorte spelt inn då albumet kom ut. Etter suksessen med albumet i Storbritannia vart han med på seinare utgjevingar. I 1977 vart han gjeve ut på singel på ny med «Pyjamarama» for å marknadsføre eit Greatest Hits-album. Singelen nådde då 11. plass.

Rik Kenton, som vart med i bandet etter at Graham Simpson forlet bandet, spelar bass på «Virginia Plain». Songen byrjar forholdsvis roleg, før han brått aukar i volum når første vers startar. Dette var visstnok gjort for å lure radiovertar og DJar som spelte songen. Songen har ikkje refreng.

Tittelen på songen er henta frå eit av måleria til Ferry, som han målte som student. Gitarsoloen til Phil Manzanera vart totalt improvisert.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Virginia Plain Songfacts