Virvytė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Virvytė
elv
Virvyte resize.jpg
Virvytė i Mažeikiai fylke
Land Flag of Lithuania.svg Litauen
Nedslagsfelt 1 144 km²
Lengd 131 km
Middelvassføring 9,93 /s
Kjelde Høglandet Žemaičiai
Munning Venta
Wikimedia Commons: Virvytė

Virvytė eller Virvyčia (samogitisk Virvītė) er ei elv nordvest i Litauen i Samogitia med ei lengd på 131 km. Ho er ei av sideelvane til Venta frå venstre. Virvytė spring ut frå høglandet Žemaičiai, 3 km nord for Laukuva. Ho renn nordover og gjennom innsjøane Paršežeris og Lūkstas, byen Varniai, innsjøen Biržulis og byen Tryškiai. Virvytė munnar ut i Venta nær landsbyen Gyvoliai. Virvytė sine største sideelvar er Juodupis, Būgenis, Trimesėdis, Upyna og Tryškys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]