Visbur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Visbur var ein mytisk konge av Ynglingeætta, son av Vanlande og far til Domalde.

Snorre Sturlason fortel at Visbur først gifta seg med dotter av Aude den rike, som gav han tre store gardar og eit gullhalsband i bryllaupsgåve. Med denne kona fekk Visbur sønene Gisl og Ondur. Seinare gjekk Visbur frå denne kona, og tok seg ei anna, som vart mor til Domalde. Den første kona seida då ulykke på Visbur. Då Gisl og Ondur var 12 og 13 år gamle, kravde dei bruregåva etter mor si, men Visbur nekta dei dette. Då spådde dei at gullhalsbandet skulle vera til bane for den beste mannen i ætta, og reiste heim. Dei seida sidan for å få drepe far sin. Seidkona Huld, som før hadde stelt til uhell for Vanlande, spådde at det støtt skulle vera ættestrid mellom ynglingane. Dei samla folk og kom til Visbur om natta, og brende han inne.

Ynglingatal fortel det slik:


Vilje-borgi
åt Visbur konge
bror til sjøen
slukte der.
Dei som vel
mun verja garden
fæle skogs-øydar
på far sin hissa,
og allveldug konge
ved åren hans eigin
glodheit hund
gnellande beit.

Den eldste Noregshistoria nemner berre at sønene til Visbur brende han inne for å få arven. Gullhalsbandet kom seinare til å bli banen til kong Agne, som vart hengd etter det, noko som kan tyde på tett tematisk samanheng mellom nett desse kongane.