Visens venner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teatermannen og visediktaren Jens Gunderssen (1912-1969) var ein av dei som skipa Visens Venner i 1944.

Visens Venner var ein norsk samskipnad for visevener. Foreningen vart etablert i 1944 av Bjørn Mørck i samarbeid med Jens Gunderssen, [[Yukon Gjelseth##, Thorbjørn Egner, Bjarne Berulfsen, Jacob Dybwad, Julius Hougen og Finn Faaborg, som eit norsk svar på den svenske samskipnaden frå 1936. Føremålet var å verna og dyrka den gode visa, og å få oppvurdert visa som kulturuttrykk. Arkitekt Odd Brochmann var den første formannen i samskipnaden. Andre kjende medlemmar var Alf Prøysen, Jakob Sande, Mimmi Thommessen, Bernt Heiberg, Odd Nansen og Frode Rinnan. Utover på 60-talet kom òg Erik Bye, Hartvig Kiran, Geirr Tveitt, Alf Cranner, Ivar Medaas, Birgitte Grimstad og Otto Nielsen med.

Visens Venner vart etterfølgd av tilsvarande samskipnader i Finland i 1945 og Danmark i 1953. Årsmøtet i 2007 gjekk inn for eit forslag om å leggja ned Visens venner. Arkivet til samskipnadne er overteke av Norsk visearkiv.

Boka Tone, tekst og trubadur vart laga til samskipnaden sin 60 års jubileum. Ho inneheld 150 viser av dei fremste kunstnarane i Visens Venner, dessutan ein artikkel om historia til samskipnaden, som Olav Bø skreiv til samskipnaden sitt 50-årsjubileum.

Visens Venner hadde òg eit fast radioprogram som vart sendt på NRK tidleg i 1950-åra.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Tone, tekst og trubadur: 60 år med Visens Venner, red. av Rigmor Falla & al. Oslo 2003: Andresen & Butenschøn ISBN 82-7694-128-1
  • Visens venners viser, første samling [1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Visens venners viser, første samling i bokhylla.no (Tiden norsk forlag, 1950).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]