Visjera i Perm
Utsjånad
| Visjera | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 31 200 km² | ||
| Lengd | 415 km | ||
| Kjelde | Nord-Uralfjella | ||
| Munning | Kama | ||
![]() Visjera i Perm 61°38′57″N 59°19′35″E / 61.6492°N 59.3264°E | |||
| Wikimedia Commons: Vishera River, Perm | |||
Visjera (russisk Вишера) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.
Elva har ei lengd på 415 km og eit nedslagsfelt på 31 200 km².
Elva spring ut frå vestsida av dei nordlege Uralfjella. Elva startar som ei rask fjellelv og renn gjennom ein trong dal med mange stryk. Det er fleire karstformasjonar i nedslagsfeltet.
Dei største sideelvane hennar er Jazva og Kolva.
Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november, og vert isfri att mot slutten av april. Elva vert nytta som transport til byen Krasnovisjerska. I nedslagsfeltet til Visjera finst det førekomstar av diamantar.
Den øvre delen av elva renn gjennom Visjeskijreservatet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Вишера (приток Камы)» frå Wikipedia på russisk, den 17. oktober 2008.
