Vismunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Like nedanfor Storlondammen

Vismunda er ei elv som renn frå Fåberg vestfjell og munnar ut ved tettstaden Biri i Gjøvik kommune. Frå det høgaste punktet i elva til Mjøsa er det nesten 900 høgdemeter. Elveosen i Biri er kanalisert, delvis på grunn av fløyting og industri, delvis på grunn av behov for opprydding etter flaum. Svennesvollane ved utløpet er eit naturreservat for våtmark og lauvskog.

Frå 1700-talet og langt inn på 1900-talet vart elva nytta som fløytingselv. Storlondammen, ein kunstig bygd dam i elva, vart brukt som utgangspunkt. Tømmeret vart fløyta til utløpet ved Biri. Der vart det lensa vidare med båt sørover Mjøsa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vismunda