Visp til slagverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vispar

Visp er eit alternativ til trommestikker når ein speler slagverk. Dei har mjuke strenger som gjv eit meir dempa lydbilde enn trommestikker eller køller.

Bruk av visp på skarptromme.

Vispane består av fleire tynne strenger av metall eller plast, medan handtaket ofte er av tre eller aluminium. Nokre vispar er uttrekkbare, slik at det er mogleg å trekka vispen inn i handtaket. Dette verner den relativt skjøre vispen beskyttet når han ikkje er i bruk.

For å spela med vispar, utfører ein ofte ei sirkelrørsle på trommeskinnet med den ene vispen for å få ein jamn suselyd, medan ein speler slag på trommen med den andre vispen. Visp blir ofte brukt i jazz- og janitsjarmusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]