Vistdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°43′5″N 7°55′57″E

Vistdal
Minnestein i Vistdal

Vistdal er ei bygd i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Bygda har om lag 350 innbyggjarar og er kjent for lakseelva der og bergarten Vistdalitt.

Midt i bygda ligg Myklebostad med campingplass, Vistdal kro, butikk, Vistdal kyrkje og barneskule.

Ungdomsskulen vart flytta til Eresfjord våren 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygdene Eresfjord og Vistdal oppretta sjølvstendig kommune 1. januar 1890 då Nesset kommune vart delt i to, Eresfjord og Vistdal. 1. januar 1964 vart Eresfjord og Vistdal kommune slegen i hop med Nesset kommune att.

Elva Visa[endre | endre wikiteksten]

Elva Visa, som bygda er kalla opp etter, har rikt laksefiske.

Leirstaden Visthus, vart bygd av den engelske adelege offiseren Gui Freemantle som brukte staden og elva til laksefiske. Visthus er i dag i eige av Nordmøre og Romsdal Indremisjon.

Visdalitt[endre | endre wikiteksten]

Vistdalitt er ein bergart som kjem frå Vistdal. Denne bergarten vert teken ut av berget og foredla av Romsdal Steinindustri (tidlegare Vistdal steinindustri).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]