Visteguten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjelettet av Visteguten, avbilda i utstillingsmonteret på Arkeologisk museum i Stavanger.
Foto: Terje Tveit, 2016.

Visteguten er namnet ein har gjeve leivningane etter ein 15 år gamal dreng frå steinalderen som vart funnen ved ei arkeologisk utgraving av Vistehola i Rogaland i 1907. Han levde for om lag 8000 år sidan.

Visteguten vart funne i Vistehola, ein bustad frå steinalderen i Randaberg kommune i Rogaland.
Foto: Jarle Vines, 2007.

Leivningar frå denne tidsalderen er vanlegvis dårleg bevarte. Sjølv om ei tann vart feilaktig flytta ein gong av ein arkeolog, og limd fast på feil stad,[1] og somme skadar og manglar på den eine sida av kraniet er Visteguten eit fullgodt eksemplar. Han vert rekna som det best bevarte steinalderskjelettet i Noreg.[2]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Visteguten var kortvaksen – berre 125 cm høg – men var elles robust bygd.[2] Kraniet har såkalla båtskalle, eit medfødd lyte.[3][4]

Kjønnet var lenge usikkert, ettersom det er vanskeleg å fastslå kjønnet til skjelett av barn og ungdom då bekkenet ikkje er ferdig utvakse. I 2018 fann ein eit y-kromosom frå skjelettet, som dimed gjorde det mogeleg å stadfesta at det var ein gut.[1] Før kjønnet vart endeleg stadfesta vart han stundom kalla «Vistemennesket».[5]

Datering[endre | endre wikiteksten]

I 1985 viste dateringa av skjelettet at Visteguten var omtrent 8200 år gamal, og omtrent 8000 år gamal etter ei ny datering i 2018 av Sean Denham. Hermed konkluderte Denham med at Visteguten var mellom 8000 og 8300 år gamal.[6][7]

Kosthald og tilhøyrsle[endre | endre wikiteksten]

Visteguten skal truleg ha vore fødd og oppvaksen i nærleiken av der han budde og vart gravlagd. I mellomsteinalderen var det vanleg å gravlegga dei daude ved bustaden. Visteguten skal ha hatt eit variert kosthald med både sjømat og landjordsmat. Ein veit ikkje kvifor Vistegutten døydde i så ung alder; om det var som fylgje av ei ulykke eller sjukdom. I mellomsteinalderen vart mange over 50 år før dei døydde, og menneska som levde på denne tida verkar å ha levt både sunnare, betre og lenger enn dei seinare etterkomarane som dreiv med jordbruk.[2]

Då ein skulle gjera nye analysar av skjelettet til Visteguten oppdaga konservatorane eit bein som ikkje var ekte, men det er usikkert kva tid det har vorte lagt saman med skjelettet.[8]

I 2015 vart ein liten bit av kraniet sendt til analyse.[5] DNA-analysane og isotop-analysane viste mellom anna:[1][9]

  • At han hadde eit mitokondrie-DNA av haplogruppa U5a2b. Haplogruppa oppstod for om lag 8300 år sidan. Haplogruppe U5 har i Europa i dag størst utbreiing i Baltikum og blant samane.
  • At han hadde y-kromosom av haplogruppe I2a1b. Denne gruppa har i dag størst utbreiing i den vestlege delen av Balkan.
  • Han hadde karbon 13 (C13)-isotop på -14,7 promille som tyder på at han åt mykje sjømat.
  • Han hadde nitrogen 15 (N15)-isotop på 18,4 promille som tyder at han åt mykje animalsk mat høgt oppe i næringskjeda.

Rekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonen av visteguten i utstillinga på Arkeologisk Museum i Stavanger.
Foto: Arne Kvitrud, 2018.

Som ein del i eit forskingsprosjekt leitt av universitetet i Dundee vart hausen til Visteguten i 2011 laserskanna og gjenoppbygd i ein virtuell versjon. Resultatet vart skrive ut som ein tredimensjonal modell i plast. Etter å ha lagt på muskelvev og hud i leire, laga dei ei negativform til støyping av hovudet med kunstharpiks og glasfiber. Til sist vart hovudet måla og andletet utstyrt med øyro, augo, nase og lepper.[10]

Ei liknande rekonstruering har tidlegare vorte gjord av eit anna norsk steinalderskjelett, Søgnekvinna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sean Denham: Nytt fra en gammel venn – de siste forskningsresultatene på menneske- og dyrebein fra Vistehola, foredrag Arkeologisk Museum, 26. februar 2019.
  2. 2,0 2,1 2,2 Sveinung Bang-Andersen. «En huleboergutt og hans samtidige» (på norsk bokmål). Norgeshistorie. Henta 21. januar 2023. 
  3. Karen Anne Okstad (3. oktober 2011). «Ansikt til ansikt med steinaldergut». Forskning.no. Henta 14. desember 2016. 
  4. «Levde av villsvin og torsk for 7500 år siden», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 2. oktober 2011, henta 21. januar 2023 
  5. 5,0 5,1 Ragnhild Nordahl Næss, Universitetet i Stavanger (14. oktober 2015), «Vistegutten sendt til DNA-analyse», forskning.no (på norsk), henta 21. januar 2023 
  6. Schulting, Rick J., Chelsea Budd, and Sean Denham. "Re-visiting the Viste skeleton, western Norway." Mesolithic Miscellany 24.1 (2016): 22-27.
  7. Sean Denham: Nytt fra en gammel venn – de siste forskningsresultatene på menneske- og dyrebein fra Vistehola, foredrag Arkeologisk Museum, 26.2.2019. Datering fra 1985 viste en alder på 8378-7796 før nåtid. Den nye dateringen viste 8144-7968 år før nåtid.
  8. «Vistegutten» kan ha vært jente», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 16. oktober 2015, henta 21. januar 2023 
  9. Schulting, Rick J., Chelsea Budd, and Sean Denham. "Re-visiting the Viste skeleton, western Norway." Mesolithic Miscellany 24.1 (2016): 22-27.
  10. Norgeshistorie.no, Sveinung Bang-Andersen, «En huleboergutt og hans samtidige». Hentet 23. nov. 2016 fra http://www.norgeshistorie.no/eldre-steinalder/artikler/0114-en-huleboergutt-og-hans-samtidige.html.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]