Vistenfjorden

Koordinatar: 65°42′27″N 12°35′14″E / 65.70750°N 12.58722°E / 65.70750; 12.58722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°42′27″N 12°35′14″E / 65.70750°N 12.58722°E / 65.70750; 12.58722 Vistenfjorden er ein om lag 22 km lang fjord i Vevelstad kommune sør i Nordland fylke. Han er ofte rekna som ein av dei reinaste i landet.[treng kjelde] Den viktigaste bygda langs fjorden er Visthus, der det er butikk og postkontor, rorbuutleige i tillegg til hurtigbåtkai. Lengre inn i fjorden ligg Kilvågen, Ausen, Bønåa og Aursletta. På Bønåa er det mogleg overnatte og å ta villmarksferie. I etterkrigstida har folketalet i fjordbygdene gått kraftig tilbake. Like ved munningen av fjorden i nord ligg Stokkasjøen.