Vistnestunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vistnestunet er eit bygdemuseum i Randaberg kommune, nord på Jæren i Rogaland. Det består av garden Vistnes, med originale bygningar frå tiåra rett før og rett etter 1900. Sidan 1976 har garden vore museum, frå 2009 drifta av Jærmuseet i samarbeid med kommunen.

Randaberg kommune eig anlegget og 30 dekar fulldyrka jord omkring tunet. Det er både sauer, lam, vêrar, geiter, kalkunar, høns, kaninar og hestar på garden.

Vistnestunet har eit årleg besøk på rundt 4000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå Jæren 2010, årbok for Jærmuseet (Jærmuseet, Nærbø 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]