VitaePro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

VitaePro er eit kosttilskot som vert marknadsført av det norske selskapet VitaeLab AS, som inngår i Sana Pharma-konsernet. Verkestoffa i VitaePro er antioksidantane lutein, astaxanthin og zeaxanthin, vitamin C, D, E, selen og omega 3. VitaePro vart lansert i 2002.

Marknadsføringa i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Den svenske Marknadsdomstolen fastsette i dom 24. mars 2016 forbod mot at Vitaelab AB marknadsførar kosttilskotet Vitaepro, eller eit anna kosttilskot med den vesentleg same samansettinga, ved å påstå eller gje inntrykk av:

  • 1. att intag av kosttillskottet ökar energin och orken,
  • 2. att intag av kosttillskottet medför att smidighet, rörlighet, styrka och muskelstyrka kan bevaras eller behållas samt
  • 3. att det motverkar stelhet och orörlighet.

Domstolen nedla òg forbod mot at verksemda gjev inntrykk av astaxanthin, lutein och zeaxanthin har antioksidantive funksjonar hjå menneske. Dei kan heller ikkje kallast «växternas immunsystem», og gje inntrykk av at stoffa skulle ha positiv innverknad på immunsystemet hjå menneske[1].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det svenske Konsumentverkets melding om avgjerda, arkivert frå originalen 7. september 2017, henta 24. juli 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]